nafo
Bildetema
Lexin-Ordbøker på nett
Flerspråkige Verb
Flerspråklige fortellinger
Matematikk begreper
Veiledning till foreldre
Tospråklige undervisningsopplegg
Tospråklig materiell

Måltidet som pedagogisk arena i barnehagen

 Maaltidet som pedagogisk arenaI den nye rammeplanen for barnehagar har mat og måltid fått ein tydelegare plass. For å inspirere barnehagar i måltidsarbeidet har NAFO, saman med sju av dei andre nasjonale sentera, utvikla eit hefte som viser korleis ulike fagområde kan integrerast i måltidet.
 
Kvart av sentera har laga ein aktivitet frå deira fagområde, som viser korleis måltidet kan være ein pedagogisk arena i barnehagen. Heftet er meint å vere ein inspirasjon til ulike aktivitetar der barna kan fortelje, undre seg og stille spørsmål.


Ulike aktivitetar ved måltidet

Måltidet kan bli ein stad der ein utforskar tinga som fins på matbordet – sorterer og samanliknar. Ein kan og gå på loppemarknad og kjøpe gamle, fine koppar og tallerknar med ulike farger, mønster og former og dekkje flotte matbord.

NAFO skriv om måltidet som ei tid for glede og fellesskap. Openheit og nysgjerrighet for kva den enkelte ynskjer å fortelje, kan gjere det lettare å dele tankar og kome med spørsmål – også for dei som er i ferd med å lære seg norsk. Fleire språk kan inngå i samtalane og alle kan lære ord og uttrykk frå kvarandre.

Plakat

Vi har laga ein plakat som viser barn i ulike aktivitetar. Den kan skrivast ut og personalet, foreldre og barna kan saman fylle inn kva dei ulike verba heiter på forskjellige språk. Plakaten kan vere til inspirasjon til samtalar under måltidet.

Heftet kan lastas ned her:

«Måltidet som pedagogisk arena» (10 MB)
«Måltidet som pedagogisk arena» (2 MB)

nafo logo Innholdsansvarlig: Lene Østli , E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.   - www.morsmal.no