Kva er viktig?
Kva er viktig for at barn og unge kan ha det bra sjølv om livet kan vere vanskeleg?
Ingen kjem seg gjennom vanskelege opplevingar heilt aleine – støtte frå andre er viktig. Forsking viser at dei som klarer seg bra etter å ha opplevd noko vanskeleg, ofte har fem viktige faktorar på plass:
- Tryggleik – Barn og unge treng å kjenne seg trygge att, både fysisk og kjenslemessig. Rutinar, føreseielegheit og trygge vaksne i nærleiken er noko av det som hjelper.
- Indre ro – Å lære strategiar for å handtere stress og uro, som pusteteknikkar eller roande aktivitetar, kan gje barn og unge betre kontroll over kjenslene sine.
- Meistringstru – Barn og unge må erfare at dei kan påverke situasjonen sin, og at dei kan få hjelp når dei spør om det.
- Sosial støtte – Å ha gode relasjonar og kjenne seg som ein del av eit fellesskap er avgjerande for å byggje motstandskraft.
- Håp – Framtidsoptimisme gjev styrke til å handtere utfordringar og tru på at ting kan bli betre.
Desse prinsippa fungerer kvar for seg, men dei forsterkar òg kvarandre. Foreldre, skule og vener kan vere gode støttespelarar for at barn og unge skal ha det bra sjølv om livet kan vere vanskeleg.
