Om Trygg læring

Les mer om undervisningslopplegget Trygg Læring.

Trygg Læring er eit undervisningsopplegg der målet er å forstå og handtere stress. Mange elevar opplever stress i kvardagen som kan gjere det vanskeleg å konsentrere seg og lære.

En sirkel i beige farge med komponenter av lydsblått, rødt og hvitt. Teksten Trygg læring står i senter av sirkelen

Stress og uro er naturlege reaksjonar i kroppen. Nokon gongar kjem stress av vanlege belastningar i kvardagen, som til dømes skulearbeid, prøver, nye vener eller å byrje på skule i eit nytt land med eit nytt språk. Andre gonger kan stress kome av skremmande hendingar elevar har opplevd tidlegare. Det kan til dømes vere: bilulukke, plutselege dødsfall, alvorleg skade, jordskjelv, krig eller flukt.

I Trygg Læring handlar undervisninga om stressreaksjonar og avspenning, fordi det kan hjelpe til med å skape ro og gjere det lettare å slappe av i timen. Når ein kjenner seg rolegare og meir avslappa, kan det bli enklare å konsentrere seg og lære. I undervisninga lærer ein om kva som kan føre til stress, korleis ein kan kjenne det i kroppen, og korleis ein kan redusere stress ved hjelp av øvingar. Nokre døme på slike øvingar er pusteøvingar, balanseøvingar og konsentrasjonsøvingar.