Øving 1

Trygg plass

Om øvinga
– ei tenkjeøving

Dette er ei avslappingsøving der ein nyttar fantasien til å skape ein plass der ein kan kjenne seg trygg, avslappa og glad. Øvinga omhandlar å visualisere ein trygg plass i tankane. Å visualisere tyder å sjå for seg noko eller tenkje på korleis det kan sjå ut eller vere. Dette hjelper kroppen med å roe seg ned og verte mindre stressa. Det er viktig å trene på denne øvinga for at den skal hjelpe. Det kan ta litt tid å finne den trygge plassen i tankane våre. Dess meir stressa ein er, dess vanskelegare kan det verte å finne denne trygge plassen og få hjelp til å roe seg ned.  

I denne øvinga skal du nytte fantasien til å finne ein plass der du kan vere roleg, trygg og glad. Dette kan vere ein plass der du har vore før. Eller det kan vere ein plass som du lagar i fantasien din. Har du valgt ein plass no? OK, då prøvar me med den plassen du nå har valt. Så ser me om den fungerar.

Pass på at du sit godt. Lukk augo eller sjå ned på skoa dine. Ta nokre djupe pust. Sjå for deg ein plass kor du kjenner deg trygg, roleg og glad. Tenk deg at du står eller sit der. Kan du sjå deg sjølv der? Sjå rundt på plassen din. Kva ser du? Kva kan du sjå nærme deg? Sjå på detaljane. Legg merke til dei ulike fargane.

Tenk deg at du strekker ut hånda og rører på noko. Korleis kjennest det? Sjå no litt lenger bort. Kva kan du sjå der borte? Prøv å sjå dei ulike fargane og formane. Dette er din spesielle stad, og du kan førestille deg kva som helst som du vil ha her.

Når du er der, kjenner du deg roleg og avslappa. Tenk deg at du går utan sko, føtane rett på bakken. Korleis kjennest bakken? Gå sakte rundt og prøv å legg merke til tinga der. Prøv å sjå korleis dei ser ut og korleis dei kjennest. Og kva kan du høyre? Kanskje svake lydar av vinden, eller fuglar eller havet.

Kan du kjenne den varme sola i andletet? Kva kan du lukte? Kanskje det er sjøluft, eller blomar, eller kanskje lukta av din favorittmat? På denne spesielle staden kan du sjå tinga du ynskjer, du kan ta på dei og du kan lukte, og høyre gode lydar. Etter kvart som du vert roleg kan du kjenne at du slapper av, kroppen vert roleg, tankene vert rolege. Du slapper av i heile deg. Du kjenner deg roleg og glad.

No, tenk deg at ein person er saman med deg på din stad. Dette er ein god ven, ein som er god, sterk og snill. Han eller ho er der for å hjelpe deg og passe på deg. Tenk deg at du går sakte rundt og utforskar din spesielle stad saman med denne personen. Du kjenner deg glad for at dykk er saman. Denne personen er din hjelpar og er flink til å løyse problem.

Sjå deg rundt i fantasien din ei gong til. Ta ein god titt. Husk at dette er din spesielle stad. Det vil alltid vere der. Du kan alltid tenke deg dit når du vil kjenne deg roleg, trygg og glad. Din hjelpar vil alltid vere der når du ynskjer det. 

No, ta eit djupt pust, og gjer deg klar til å opne augo og forlate din spesielle stad for denne gongen. Du kan kome tilbake til plassen når du vil. Sakte, sakte, bli oppmerksam på det du kjenner her og no. Legg merke til stolen under deg og kjenn føtene dine på golvet. Rør deg sakte og strekk ut beina og armane dine. Når du kjenner deg klar, opnar du augo. Når du gjer det, legg merke til at du kjenner deg roleg, avslappa og glad.