Øving 2
Djupe pust
Om øvinga
Pusten vår vert styrt automatisk av hjernen, men me kan òg kontrollere han sjølv. Når me er redde, sinna eller stressa vert pusten ofte rask og overfladisk. Dette sender signal til hjernen som gjer at kroppen spenner seg. Ved å ta djupe pust som går heilt ned i magen, kan me roe kroppen og hovudet. Når kroppen slappar av, vert òg hjernen rolegare. Difor kan djupe pust vere ein effektiv måte å handtere stress og kjensler på.
Slik gjer du øvinga med støtte i «ballongen». Set deg godt til rette eller stå oppreist. Legg hendene på magen. Pust inn gjennom nasen og kjenn at magen vert større. Pust sakte ut gjennom munnen og kjenn at magen vert mindre. Tenk at du har ein ballong inni magen som du fyller og tømmer for luft. Gjer dette nokre gongar og legg merke til korleis det kjennest i kroppen etterpå.
