Øving 3

Djupe pust

Om øvinga

Pusten vår vert styrt automatisk av hjernen, men me kan òg kontrollere han sjølv. Når me er redde, sinna eller stressa vert pusten ofte rask og overfladisk. Dette sender signal til hjernen som gjer at kroppen spenner seg. Ved å ta djupe pust som går heilt ned i magen, kan me roe kroppen og hovudet. Når kroppen slappar av, vert òg hjernen rolegare. Difor kan djup pust vere ein effektiv måte å handtere stress og kjensler på.

Set deg godt til rette eller stå oppreist. Tenk deg at du pustar deg rundt alle dei fem fingrane på handa di. Pust inn langs utsida av veslefingeren, stopp pusten på toppen av fingeren, og pust sakte ut langs innsida av veslefingeren. Pust inn att opp langs neste finger, stopp pusten på toppen og pust sakte ut igjen ned langs den andre sida. Hald fram med å puste deg roleg gjennom alle fingrane dine.