Tema 1: Meistring og tryggleik
Stress og frykt er naturlege reaksjonar i kroppen. Me kan lære kva som gjer oss stressa, korleis kroppen kjennast ut når den er stressa, og kva me kan gjere for å hjelpe oss sjølv med å handtere stress og verte rolegare. Om stress Situasjonar eller ting som opplevast farleg kan skremme oss. Krig, konflikt og …
Stress og frykt er naturlege reaksjonar i kroppen. Me kan lære kva som gjer oss stressa, korleis kroppen kjennast ut når den er stressa, og kva me kan gjere for å hjelpe oss sjølv med å handtere stress og verte rolegare.
Om stress
Situasjonar eller ting som opplevast farleg kan skremme oss. Krig, konflikt og flukt kan skremme oss og me vert stressa. Stress er ein naturleg reaksjon. Det er mykje som kan gjere oss stressa, som til dømes å kome for seint til skulen eller å ha ein prøve. Stress gjer oss urolege, og då kan det vere vanskeleg å konsentrere seg for å lære.

Kvifor skal du lære om stress ?
Når du er stressa eller redd vert musklane i kroppen din stramme. Musklane i skuldrane og nakken vert stramme. Pusten vert veldig rask. Hjarta slår fort. Når me har det slik kan me gjere øvingar som hjelper musklane i kroppen til å slappe av. Då vil me kjenne oss rolegare og tryggare.
Kva skal me lære?
- Lære at kroppen vår har normale reaksjonar på stress og frykt.
- Lære om kva som kan skremme og stresse oss.
- Lære om kva som kan hjelpe oss med å handtere stresset.
- Lære øvingane «Djupe pust» og «Stram og slepp» som hjelper for å verte trygg og roleg.