Tema 2

Stressregulering


Stress gjer at me mistar kjensla av å vere til stades og ha kontakt med kroppen vår. Me kan redusere stress og verte meir til stades gjennom å tenkje på ein stad me har lyst til å vere som gjer oss trygge.


Om stressregulering

Stressregulering tyder at me kan lære oss måtar å roe oss ned. Ein måte er å snakke med hjernen og kroppen. «Trygg plass» er ei øving du kan gjere når du kjenner deg redd, trist og stressa. I øvinga Trygg plass får me hjelp til å finne oss ein trygg stad i tankane. Det kan vere ein stad me har vore kor me likar å vere, eller me kan lage oss ein heilt ny stad med vår eigen fantasi.

Nokre gonger kan me vere litt stressa, andre gonger kan me vere veldig stressa. Du kan lage din eigen stress-skala for å sjekke med deg sjølv om du er litt eller veldig stressa. Det kan hjelpe deg til å verte mindre overvelda.

Illustasjon av hode med spørsmålstegn, og et hode med blomstre rundt

Kvifor skal du lære om stressregulering ?

Dei fleste stressreaksjonar skjer utan at me tenkjer over det. Men, når me oppdagar at me stressar eller vert veldig redde, kan me nytte tenkjeøvingar for å verte rolegare. Når me tenkjer på noko som er trygt og godt får me pause frå andre stressande tankar og me vert meir avslappa i kroppen. Me kan òg kjenne etter og vurdere kor stressa me er.

Kva skal me lære?

  • Lære øvinga «Trygg plass»som kan nyttast for å verte rolegare og kjenne oss trygge att.
  • Lære å kjenne etter korleis me kjenner oss og måle eigne stressnivå på ein stress-skala.