Tema 4
Bli kvitt negative tankar
Tankane påverkar oss. Positive tankar gjer oss glade. Negative tankar gjer oss triste, redde eller sinna. Når me vert kjend med tankane våre kan me endre dei.
Positive eller negative tankar
Me har mange tankar inne i hovudet heile tida. Me nyttar mykje tid på å lytte til tankane våre. Dei fleste av desse tankane er positive. Då er tankane gode og fortel deg at det skal gå bra. Negative tankar seier at ting ikkje skal gå bra – og dei kan seie at du er ein dårleg person.

Negative tankar kan vere som ei stemme inni oss som fortel oss negative ting. Når me er triste, kan det kome fleire negative tankar. Me kan tenke at det ikkje kjem til å gå bra. At det ikkje vil gå bra på skulen og alt vert trist.
Kjenne att tankar
Dei negative tankane kan verte overveldande og hjelper oss ikkje til å få det betre. Difor er det viktig at me lærer å kjenne att kva for negative tankar me har. Då kan me hjelpe hjernen vår med å stoppe og endre dei negative tankane.
Kva skal me lære?
- Finne ut kva for negative tankar me har.
- Lære å stoppe og endre negative tankar.
- Lære om kva du kan få hjelp til, kven som kan hjelpe og korleis me kan be om hjelp.