Tema 3

Hovud og kropp heng saman.


Hovud og kropp heng saman. Når hjernen skrur på alarmen og fortel at noko er farleg eller ubehageleg, vert òg kroppen stressa. Då kan me snakke til hjernen for å hjelpe både hovudet og kroppen med å roe seg ned.


Hovudet og kroppen //

Hovud og kropp heng saman og dei påverkar kvarandre. Når me er i ein skremmande situasjon, skjer det noko med kroppen vår. Kroppen gjer seg klar til å beskytte oss. Den skal beskytte oss mot det farlege, noko som er veldig bra. Det er hjernen som seier ifrå til kroppen at no er det farleg og no må kroppen vere klar. Hjernen skrur på alarmen. Då byrjar hjarta å slå raskare og pusten går raskare.

Illustrasjon avet hode med tannhjul, en som jolder et hjertet i hånden og et måleinstrument

Snakke til hjernen //

Nokre gonger går alarmen i hjernen sjølv om me eigentleg ikkje er i ein farleg situasjon. Det kan vere fordi me plutseleg tenker, ser eller høyrer noko som minner oss om det som var farleg. Då er det falsk alarm, og me kan hjelpe oss sjølv med å skru av alarmen. Om me kjenner oss redde eller engstelege, kan me hjelpe hjernen med å slappe av ved å snakke til hjernen og fortelje hjernen at det ikkje er farleg no.

Kva skal me lære? //

  • Lære å snakke til hjernen for å verte rolegare.
  • Trene på Trygg plass, stram-og-slepp og pusteøvingar.