Vesak
Vesak er ei høgtid i Buddhismen som feirast på fullmånedagen i april eller mai. På Vesak minnast buddhistar over heile verda Buddhas liv. På Vesak feirast Buddhas fødselsdag, hans oppvåkning og hans død.
Buddha vart fødd for over 2500 år sidan. Hans eigentlege namn var Siddharta Gautama, og han var ein prins. Sjølv om han hadde alt han kunne ynskje seg, var han ikkje lukkeleg fordi han såg at så mange folk rundt han ikkje hadde det noko bra. Mange var sjuke, gamle, triste eller døyande. Då bestemte han seg for å forlate sitt fine liv som prins for å finne ut korleis folk kunne få det betre. Han tilbrakte omtrent seks år med å lære, tenke og meditere.


Til slutt, medan han sat under eit stort tre, fann han svara han leita etter. Han forstod korleis ein kan leve eit godt liv og ha det bra. Han vart kjend som Buddha, som tyder «den som er opplyst». Å vere opplyst tyder å forstå ting veldig klart. Buddhistane kallar det for Buddhas oppvakning. Frå prins til Buddha.
Buddha tilbrakte resten av livet sitt med å lære andre det han hadde funne ut. Han lærte folk om kvifor det er viktig å vere snill og ærleg i livet. Etter Buddhas død har hans lærdom levd vidare. Dette er lære me kjenner i dag som buddhismen.


Når buddhistar feirar Vesak går dei i tempel og lyttar til munkane som fortel om Buddhas liv. Templa pyntast med blomar og det tennast ljos og røykjelse. Alle blomane skal minne om at Buddha vart fødd i ein hage. Lotusblomen er viktig i buddhismen. Då Buddha tok sine fyrste sju skritt i hagen, vaks det opp lotusblomar i fotspora som tok imot føtane hans. I tempelet bøyger buddhistane seg ned framfor alterborda med buddhastatuar til ære for Buddha, Dharma og Sanga (munkar og nonner). Mange buddhistar går til tempelet for å gje mat til munkane. Nokre mediterar, donerar pengar eller ting til templa og til dei som treng det. Det er òg vanleg å ofre vatn, ris og frukt framfor ulike buddhastatuar.



Det er vanleg at hus, heim og tempel pyntast med lykter og buddhistiske flagg. Nokre stadar sendast òg lanterner opp på himmelen. Mange sender vesak-kort med ynskje om ei god feiring.




Film om koreansk Vesak
Lær mer om hinduismen



Alle bilder er hentet fra Adobe Stock