Plakatar: God morgon!
God morgon!
Ønsk god morgon på mange språk! Plakatane synleggjer korleis ein helsar om morgonen på over 20 språk. Saknar du eit språk? Plakaten er tilpassa slik at det er moglegheit til å fylle inn ytterlegare eit språk.
Plakaten finst i to versjonar med ulike bilete, ein med eldre og ein med yngre barn på biletet.
Ikkje alle språk brukar den direkte omsetjinga av frasen “god morgon”. Vi har tatt utgangspunkt i korleis det er mest naturleg å helse på kvarandre om morgonen.