
Det rullande graskaret

Det var ein gong ei gamal dame som budde i ein liten landsby i Iran. Ved sida av landsbyen var det ein stor, skummel skog. Den gamle dama hadde ei dotter som hadde gifta seg og flutt til den andre sida av skogen. Dei hadde ikkje sett kvarandre på lenge, så då det nærma seg Eid, bestemte ho seg for å gå gjennom skogen for å feire saman med dottera og familien hennar.

Den gamle dama pakka ein sekk med mat og tok på seg ein lang, svart, blomstrete chador, og så byrja ho å gå. Medan ho gjekk lenger og lenger inn i skogen, song ho på persisk:
Alå doxtar balå qorbunatam man, be ghorbat rafti o heirunatam man. («Mi kjære dotter, eg elskar deg, du har reist til ein framand stad, og eg lengtar etter deg»).

Plutseleg stod ein ulv midt i vegen! Den gamle dama vart redd og stivna til. Ulven sikla og sa: «Nam, du ser ut som eit deileg måltid!».
Den gamle dama tok mot til seg og sa: «Eg er då ikkje deileg mat, eg er tynn med mage flat. Kroppen min har lite fett, et du meg, vert du ikkje mett!»
Ulven sa: «Men eg er jau så svolten, kva skal eg gjere, då?»
Den gamle dama svarte: «La meg dra til dottera mi for å feire Eid og ete ris med lammespyd. Når eg har vorte stor og mett, kjem eg tilbake som ein deileg rett som kan etast på eit brett!»
Sjølv om ulven var skrubbsvolten, synest han det var ein god idé. Den gamle dama skunda seg vidare gjennom skogen.

Plutseleg hoppa ein tiger ned frå eit tre! Den gamle dama skvatt til. Tigeren gliste og sa: «Nam, du ser ut som eit deileg måltid!»
Den gamle dama tok mot til seg og sa: «Eg er då ikkje deileg mat, eg er tynn med mage flat. Kroppen min har lite fett, et du meg, vert du ikkje mett!»
Tigeren sa: «Men eg er jau så svolten, kva skal eg gjere, då?»
Den gamle dama svarte: «La meg dra til dottera mi for å feire Eid og ete ris med lammespyd. Når eg har vorte stor og mett, kjem eg tilbake som ein deileg rett som kan etast på eit brett!»
Sjølv om tigeren var heilt tom i magen, synest han det var ein god idé. Den gamle dama skunda seg vidare gjennom skogen.

Plutseleg stod ei diger løve midt i vegen! Den gamle dama stansa og hiksta. Løva brøla og sa: «Nam, du ser ut som eit deileg måltid!»
Den gamle dama tok mot til seg og sa: «Eg er då ikkje deileg mat, eg er tynn med mage flat. Kroppen min har lite fett, et du meg, vert du ikkje mett!»
Løva sa: «Men eg er jau så svolten, kva skal eg gjere, då?»
Den gamle dama svarte: «La meg dra til dottera mi for å feire Eid og ete ris med lammespyd. Når eg har vorte stor og mett, kjem eg tilbake som ein deileg rett som kan etast på eit brett!»
Sjølv om løva var så svolten at det rumla i magen, synest han det var ein god idé. Den gamle dama skunda seg vidare gjennom skogen.

Då sola gjekk ned og det byrja å verte mørkt ute, kom den gamle dama endeleg fram til dottera sitt hus. Ho vart så glad for å sjå familien sin at ho gløymde alt som hadde skjedd på vegen.
Dei neste sju dagane kosa ho seg med familien sin og åt masse god mat.

Då den gamle dama skulle gå heim att, kom ho til å tenkje på ulven, tigeren og løva som venta på ho. Då dottera fekk høyre om dyra i skogen, ville ho gjerne hjelpe mor si. Saman fekk dei ein idé. Dei drog til basaren og kjøpte eit stort graskar som dei tok med seg heim. Dei skar av toppen på graskaret og grov ut fruktkjøtet til det vart eit tomt rom inni graskaret.

Den gamle dama klatra inn i graskaret. Dottera la på loket, og saman med dei andre i landsbyen dytta dei graskaret med den gamle dama inni, så det fekk fart og byrja å rulle. Graskaret rulla av stad innover i skogen.

OI! Plutseleg kjente den gamle dama at graskaret stansa. Det var løva som hadde stoppa det. Løva såg på graskaret og spurte: «Rullande graskar, fortel meg: Har du sett ei fet dame på din veg?»
«Nei, walla, rull meg, trill meg herifrå», svarte den gamle dama inni graskaret. Løva gav graskaret fart, og det rulla vidare inn i skogen.

DUNK! Plutseleg kjente den gamle dama at graskaret stansa att. No var det tigeren som hadde stoppa det. Tigeren såg på graskaret og spurte: «Rullande graskar, fortel meg: Har du sett ei fet dame på din veg?»
«Nei, walla, rull meg, trill meg herifrå», svarte den gamle dama inni graskaret. Tigeren gav graskaret fart, og det rulla vidare gjennom skogen.

AU! Plutseleg kjente den gamle dama at graskaret stansa endå ein gong. No var det ulven som hadde stoppa det. Ulven sniffa på graskaret og spurte: «Rullande graskar, fortel meg: Har du sett ei fet dame på din veg?»
«Nei, walla, rull meg, trill meg herifrå», svarte den gamle dama inni graskaret. Men ulven lot seg ikkje lure, han kjende att stemma til den gamle dama.
Han reiv av loket på graskaret og glefsa: «Aha, der er du!». Han stupa inn i graskaret for å få tak i den gamle dama. Men ho hadde laga eit lok i botnen av graskaret òg. Lynraskt opna ho loket og kom seg ut av graskaret. Før ulven skjønna kva som hadde skjedd, hadde den gamle dama lukka graskaret frå båe sider. No var ulven innestengd!

Den gamle dama som hadde ete seg stor og sterk, tok i alt ho kunne og dytta graskaret med ulven inni til det byrja å rulle nedover ei grasslette. Graskaret trilla raskare og raskare, og falt til slutt ned i ein djup, mørk dal.
Den gamle dama børsta av den blomstrete chadoren sin, og gjekk nøgd og glad heim og laga seg ein kopp te.
Snipp, snapp, snute, så var eventyret ute.
Det rullande graskaret
Illustrasjoner: Svetlana Voronkova
Revidert i 2025 av Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring
Forsidedesign: Mari Helén Holum
Oversettelse og lyd på norsk (nynorsk): Mia Sæther Midtbo
ISBN:
Copyright © 2025 · NAFO
Lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-
IkkeKommersiell-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.




Du finn fleire fleirspråklege forteljingar gratis på morsmål.no/forteljingar
![]()
Der finn du òg tilleggsressursar og lydstøtte til forteljingane.
![]()
Lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-
IkkeKommersiell-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.
Copyright © 2025 · NAFO