
HANEN OG KATTEN

Det var ein gong ein katt og ein hane som budde i eit lite trehus i skogen. Katten og hanen passa godt på kvarandre og var gode vener.

Ein dag då katten skulle ut på jakt, sa ho til hanen: «Ikkje opne døra for nokon medan eg er vekk, og i hvert fall ikkje for reven!» Hanen lova å ikkje opne døra.

Då katten hadde gått, gjekk hanen og la seg for å sove.

Plutseleg vakna hanen av at det banka hardt på døra.

Hanen sto opp og gjekk bort til døra og spurde: «Kven er det?» Han høyrde ei stemme som svarte: «Det er meg, reven. Kan du vere så snill å opne døra?» Hanen huska kva han hadde lova katten, så han opna ikkje døra. «Ver så snill, eg frys,» gråt reven. «Stakkars rev, eg kan jau ikkje la ho stå ute og fryse,» tenkte hanen.

Hanen opna døra, og i same sekund flaug reven på han!

Reven tok hanen under armen og sprang heimover, medan hanen skreik etter hjelp.

Katten var heldigvis ikkje langt unna, så ho høyrde hanens skrik. Ho la på sprang etter reven.

«Kvifor høyrde du ikkje på meg?» spurde katten sinna. «Eg syntest så synd på reven, ho sa at ho var så kald,» sa hanen. «Reven lurar deg berre! Med den tjukke pelsen er det jau umogleg å fryse,» sa katten.

Nokre dagar seinare skulle katten ut på jakt att. Att ba ho hanen om å ikkje opne døra for nokon. Hanen lova at han aldri skulle gjere det att.

Etter at katten hadde gått, tok det ikkje lang tid før det banka på døra att. Hanen titta ut av vindauget og fekk auga på reven. Reven grein og sa: «Au, au! Eg har slått poten min. Eg treng plaster!». Hanen såg at reven haldt opp den eine poten. «Stakkars rev, eg må jau hjelpe ho,» tenkte hanen.

Så fort hanen opna døra, fanga reven han att og sprang av garde med han. Att skreik hanen etter hjelp, men denne gongen var katten for langt frå til å kunne høyre han.

Reven tok hanen med seg heim til ungane sine i revehiet. Der låste ho hanen inn i eit bur.

Då katten kom heim frå jakt, såg ho at døra var open.

Huset var rotete, og hanens fjær låg strødd på golvet. «Reven!» ropa katten sinna.

Katten visste kor revefamilien budde, så ho gjekk rett mot revehiet.

Katten stoppa utanfor revehiet og lytta. Ho høyrde reveungane synge og le.

Inne i revehiet gleda revungane seg til å få hanesuppe til middag. Dei dansa forventningsfullt rundt gryta medan dei song: «Kok og rør og smak den til – vi rever får det som vi vil!»

Plutseleg slo nokon inn døra med eit balltre! Katten braste inn i revehiet. Ho var rasande!

Revefamilien løp skremt ut av hiet og forsvann inn i skogen.

«No var det nære på at du vart til hanesuppe. Skjønarr du kvifor du skal høyre på meg nå?» spurde katten oppgjeven. «Ja, eg lover at eg aldri skal opne for reven att,» sa hanen. Katten slapp hanen ut av buret.

Medan hanen og katten gjekk heimover saman, tenkte katten at ho skulle ta godt vare på balltreet sitt. Det kunne jau hende at ho fekk bruk for det att om ikkje altfor lenge…

Snipp, snapp, snute, så var eventyret ute.
Hanen og katten
Illustrasjoner: Svetlana Voronkova
Revidert i 2025 av Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring
Forsidedesign: Mari Helén Holum
Revisjon og lydstøtte (2025) på norsk (nynorsk): Mia Sæther Midtbø
ISBN:
Copyright © 2025 · NAFO
Lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-
IkkeKommersiell-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.




![]()
Copyright © 2025 · NAFO
![]()
Lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-
IkkeKommersiell-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.