Lær språk med Bildetema

Besøk Bildetema her:
Bildetema – Norge (nynorsk)
Kva er Bildetema?
Bildetema er ei fleirspråkleg biletordbok med bilete, tekst og lyd inndelt etter tema. Biletordboka kan vere eit utgangspunkt for arbeid med språk i barnehage, skule og vaksenopplæring. Den inneheld eit grunnleggjande ordforråd som hovudsakleg består av substantiv og adjektiv. I skrivande stund inneheld Bildetema om lag 1200 ord fordelt på 21 tema.