Om morsmål.no

Nettsida morsmål.no rettar seg mot tilsette i barnehage, skule og til alle som arbeider for å utvikle språkleg og kulturelt mangfald i utdanningsløpet.  

Gratis fleirspråklege ressursar 

På morsmål.no blir det publisert gratis fleirspråklege ressursar til bruk i barnehage og skule. Nettsida skal samle og utvikle ressursar for fleirspråkleg arbeid i barnehagen, og morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring i skulen. Eksempel på ressursar er tospråklege fagtekstar om tema innanfor fagområda til skulen, songar, forteljingar, rim og regler eller lenker til andre ressursar og nettsider som er relevante for målgruppa. 

Bakgrunn

I stortingsmelding 23, Språk byggjer bruer, initierte Kunnskapsdepartementet eit nordisk samarbeid om digitale læringsressursar på ulike språk. Sverige hadde sidan 2001 hatt ei side som heiter Tema Modersmål, og Noreg ønskte å laga ein norsk versjon av denne sida. Utdanningsdirektoratet fekk i 2009 i oppdrag å samarbeide med Sverige om å utvikle ei liknande norsk side. Den norske versjonen blei lansert 22. Oktober 2009, og frå 1. januar 2011 tok NAFO over ansvaret for sida.  

Kontaktinformasjon

Nettverk

NAFO har samarbeid med tospråklege lærarar, tospråkleg personale frå barnehagar og andre ressurspersonar. Saman utviklar vi ressursar på fleire språk til praksisfeltet. I tillegg ønskjer vi å formidle fleirspråklege ressursar som er utvikla og laga av andre, og som kan inspirere til fleirkulturelt og fleirspråkleg arbeid i barnehage og skule. Gjennom arbeidet til NAFO får nettsida stadig innspel frå fag- og praksisfeltet. På den måten kan vi vere ei nettside som blir oppfatta som relevant for tilsette i barnehage og skule og for alle som arbeider for å utvikle språkleg og kulturelt mangfald i utdanningsløpet.