Den kristne påskeforteljinga
Då Jesus vart vaksen, reiste han rundt saman med 12 disiplar/elevar og fortalde alle menneskja dei møtte om Gud. Jesus var ein snill mann som hjalp dei fatige og sjuke.
Han fekk mange vener, men òg nokre uvener. Det var nokre leiarar i landet som ikkje lika at folk høyrde meir på Jesus enn på dei. Dei var redde for at Jesus skulle få for stor makt.
Palmesundag

Ein sundag før påske reiste Jesus og disiplane hans til Jerusalem for å feire påske.
Han bad to av disiplane om å finne eit esel til han. Jesus satt seg på eselet og reid inn til Jerusalem.
Der vart han helsa på som ein konge. Dei ropa: «Hosianna, hosianna, Kongen vår er komen!» Dei vifta med palmegreiner så store som flagg. Hosianna tyder omtrent det same som hurra.
Skjærtorsdag – den kristne nattverden vert innført

Denne kvelden åt Jesus og disiplane påskemåltidet saman. På den tida var det vanleg å vaske føtene før ein gjekk inn. Det var fordi dei gjekk barføtt eller i sandalar, og då vart føtane veldig skitne. Ved døra til huset vaska Jesus føtane til alle disiplane sine. Dette gjorde han for å vise at alle må hjelpe kvarandre.

Då dei sat og åt, sa Jesus: «No er det ikkje lenge til eg blir teken til fange og må døy.» Han fortalde òg at han visste at ein av disiplane kom til å hjelpe soldatene med å fange han.

Judas, ein av disiplane til Jesus, hadde trudd at Jesus skulle bli ein rik og mektig konge. Då han såg at Jesus ikkje brydde seg om pengar og makt, vart han sinna på Jesus.
Etter måltidet var det seint på kvelden. Jesus tok disiplane med seg til ein hage. Der bad Jesus ei bøn til Gud. Judas førte soldatane til hagen og viste dei kor Jesus var. For dette fekk han 30 sylvpengar. Jesus visste at Judas kom til å gjere dette, så han fulgte friviljug med soldatene.
Langfredag – forhøyr, dom, krossfesting og gravferd
Jesus skjøna at han skulle døy. Gud hadde planlagt dette for lenge sidan. Allereie då Jesus kom til jorda visste han at dette kom til å skje. Han vart fødd for å ta all straffa for alt det gale menneska hadde gjort og kom til å gjere. No var tida komen, og soldatene førde Jesus til leiarane sine. Dei trudde ikkje at Jesus var Guds son. Dei sa: «Han må døy fordi han kallar seg sjølv Guds son». Dei spikra Jesus til krossen på ein stad som vert kalla Golgata. Der døydde Jesus.

For om lag 2000 år sidan var dette ein vanleg måte å straffe lovbrytarar på. Det var ein trist dag for disiplane og alle venene til Jesus. Dei visste ikkje at Gud hadde planlagt ei vedunderleg overrasking for dei. Dei kom ikkje til å vere triste særleg lenge.
Påskeaftan – gravstaden vert vakta strengt

Etter at Jesus døydde, la venene han i ei berghole. Denne berghola fekk dei av ein mann som heitte Josef.
Han ville at Guds son skulle få denne siste gåva av han. Dei rulla ein stor stein framfor opninga til hola. Leiaren sendte to soldatar som skulle halde auga med gravstaden, slik at ingen skulle koma og stele kroppen til Jesus.
Fyrste påskedag
Tidleg på sundagsmorgonen kom det eit jordskjelv. Ein engel kom ned frå himmelen og rulla vekk steinen som stod framfor holeopninga. Då vaktene såg engelen, skalv dei av skrekk og sprang av garde.
Litt seinare kom ein av Jesus sine vener, Maria Magdalena. Då ho såg at steinen var borte, gjekk ho inn i hola. Inne i hola såg ho ein engel. Engelen sa: «Jesus er ikkje her, han lever! Gå og fortel alle venene hans at dei vil få sjå han att!»
Maria var ikkje lei seg lenger. Jesus var ikkje død. Han var i live! Ho sprang tilbake for å fortelje dei fantastiske nyhenda.

Andre påskedag
Fyrst trudde ingen av disiplane til Jesus på det Maria Magdalena fortalde. Men ho hadde rett! Andre påskedag kom Jesus tilbake for å møte dei. Han hadde verkeleg stått opp frå dei døde!
Kristi himmelfartsdag
Etter førti dagar tok Jesus disiplane sine med til ein stad i nærleiken av eit stort fjell. Han løfta hånda opp og velsigna dei. «Fortel alle menneskja om meg», sa han. Så reiste han opp til himmelen att.
Denne dagen kallar vi Kristi himmelfartsdag. Ei sky dekte han slik at dei ikkje kunne sjå han lenger. Dei vart ståande og sjå opp mot himmelen ei lang stund.
Plutseleg stod to englar blant dei. «Kvifor står de framleis og ser opp mot skyene?» spurde dei. «Jesus har reist opp til himmelen. Ein dag vil han kome tilbake same vegen som han forlot dykk.»
Då gjekk disiplane attende til byen med glede i hjarta. Jesus hadde lært dei mange ting. Dei ville alltid hugse at han sa: «Ver ikkje uroleg eller redd. Stol på Gud og stol på meg. I Guds hus er det mange rom. Eg vil gjere klar ein plass for deg. Ein dag vil eg kome tilbake og ta deg med meg slik at òg du kan få vere der eg er».

Illustrajoner fra Adobe Stock