Om fortellingen

Fortellingen Skinnvotten er et evetyr kjent fra, lalal. Alf Prøysen. NAFO ...

Forside til Skinnvotten. Tekst: illustrasjoner ved Katarina Skog Hundal, logo NAFO.

SKINNVOTTEN

forrige
neste
en mann går på tur med hunden sin

Ein kald vinterdag gjekk ein gamal mann på tur i skogen med hunden sin.

forrige
neste
Mannen har mistet votten sin i snøen. Mannen og hunden går videre.

Medan mannen gjekk, mista han den eine votten sin i snøen. Han merka ikkje at han hadde mista den, og gjekk vidare. 

forrige
neste
En mus står foran votten

Etter ei lita stund kom ei mus pilande. Musa smatt inn i votten og tenkte: «Dette skal vere huset mitt i nått!» 

forrige
neste
En frosk står utenfor votten. Musen står inni.

Det gjekk ikkje lang tid før ein liten frosk kom hoppande bort til votten. «Kven er det som bur her, då?» spurde frosken. Musa svarte: «Eg er Pilemus Silkehår. Kven er du?». «Eg er Friskefrosk Langelår. Kan eg få sove her i nått?» spurde frosken. «Ja da, berre kom inn», sa musa. 

forrige
neste
en hare står utenfor votten og ser inn

Litt seinare kom det ein hare sprettande. Haren stansa framfor votten og spurde: «Kven er det som bur her, då?» Dyra i votten svarte: «Vi er Pilemus Silkehår og Friskefrosk Langelår. Kven er du?» «Eg er Haremann Hoppsadans. Kan eg få søve her i nått?» spurde haren. «Ja da, berre kom inn», svarte dyra. 

forrige
neste
En rev står utenfor votten. Inni er haren, frisken og musen.

Ein rev kom luskande forbi. Ho stoppa ved votten og spurde: «Kven er det som bur her, då?» Dyra i votten svarte: «Vi er Pilemus Silkehår, Friskefrosk Langelår og Haremann Hoppsadans. Kven er du?». «Eg er Revemor Silkesvans. Kan eg få søve her i nått?» spurte ho. «Ja da, berre kom inn», svarte dyra. 

forrige
neste
En ulv står utenfor votten. Inni votten er haren, frosken, reven og musen.

Dei fire dyra i votten høyrde plutseleg at nokon snusa på votten. Dei titta ut og såg ein ulv. Ulven spurde: «Kven er det som bur her, då?» Dyra i votten svarte: «Vi er Pilemus Silkehår, Friskefrosk Langelår, Haremann Hoppsadans og Revemor Silkesvans. Kven er du?». «Eg er Ulven Aldrimett. Kan eg få søve her i nått?» spurte han. «Ja da, berre kom inn», svarte dyra. 

forrige
neste
Villsvinet står utenfor votten og titter inn i votten

No var det fem dyr i votten. Eit villsvin gjekk bort til votten, grynta og spurde: «Kven er det som bur her, då?» Dyra i votten svarte: «Vi er Pilemus Silkehår, Friskefrosk Langelår, Haremann Hoppsadans, Revemor Silkesvans og Ulven Aldrimett. Kven er du?». «Eg er Villsvinet Trynebrett. Kan eg få søve her i nått?» spurte han. «Det byrjar å bli veldig trongt her no…» svarte dyra. «Nei då, eg skal gjere meg så liten eg kan», sa villsvinet og krabba inn i votten.

forrige
neste
En bjørn står utenfor votten og ser inn

Ikkje lenge etter kom ein bjørn labbande bort til votten. Bjørnen spurde: «Kven er det som bur her, då?» Dyra i votten svarte: «Vi er Pilemus Silkehår, Friskefrosk Langelår, Haremann Hoppsadans, Revemor Silkesvans, Ulven Aldrimett og Villsvinet Trynebrett. Kven er du?». «Eg er Bamsefar Labbdiger. Kan eg få søve her i nått?» spurte han. «Vi kan dessverre ikkje la deg kome inn. Det er ikkje meir plass», svarte dyra. «Jau då», sa bjørnen, «berre trykk dykk saman, så går det nok». 

forrige
neste
Alle dyrene ligger inne i votten og sover

Bjørnen pressa seg inn i votten saman med dei andre. Dyra klemte seg saman så alle fekk plass. No var det sju dyr inne i votten og det var veldig trongt. 

forrige
neste
Hunden kommer gående forbi votten. Alle dyrene i votten våkner.

På den andre sida av skogen kom den gamle mannen heim. Då oppdaga han at han hadde mista den eine votten sin. Han bestemte seg for å gå tilbake for å leite etter den. Hunden sprang i forvegen.  

forrige
neste
Hunden løper etter alle dyrene som løper ut av votten

Hunden fekk auge på votten som låg i snøen. Votten rørte seg i snøen! Hunden bjeffa mot den: «Voff, voff, voff!» Dyra i votten vart vekt av den høge bjeffinga, og kom seg ut av votten før dei raskt forsvann ut i skogen.  

forrige
neste
Mannen har tatt på seg votte. Hunden står ved siden av.

Mannen plukka opp votten. Då han tok den på seg att, kunne han ikkje skjøne at den framleis var så varm etter å ha lege i snøen så lenge. 

forrige
neste
En gammel mann og hunden hans går sammen i skogen

Snipp, snapp, snute, så var eventyret ute. 

forrige
neste

Skinnvotten

Illustrasjoner ved Katarina Skog Hundal

Revidert i 2025 av Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring

Forsidedesign: Mari Helén Holum

Revisjon og lydstøtte (2025) på norsk (nynorsk): Mia Sæther Midtbø

ISBN:

creative commom logo
Lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-
IkkeKommersiell-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.

morsmal logo

creative commom logo
Lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-
IkkeKommersiell-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.