Språk og samspel – frå 4 månader
Visste du at
Ved å leike og prate med barnet får de gode opplevingar saman. På denne måten kan du byrje å stimulere barnets sansar og språkutvikling tidleg. Babyen utviklar seg og øvar på å lage språklydar.
Hjartespråk
For dei fleste er hjartespråket det spåket som er lettast å forklare sine kjensler på, og språket ein drøymer på. Hjartespråket er ofte òg språket ein kjenner seg mest komfortabel med.
Nytt språket som er mest naturleg for deg når du pratar til babyen.

Snakk med babyen
Babyen kommuniserer med deg.
Snakk med babyen. Sjå på babyen, lytt og gjenta lydar babyen lagar. Set ord på barnets kjensler. Få babyen til å le og smile.
Gå rundt med barnet og snakk med babyen om det de ser.

Syng for babyen
Syng songar for babyen. Syng på hjartespråket ditt. Nytt rørsle og ansiktsuttrykk når du syng.
Syng gjerne den same songen fleire gonger. Babyen lærer orda av å høyre dei mange gonger!

Leik saman
Snakk med babyen om leikene. Send leikene fram og tilbake mellom dykk. Gje barnet leiker med ulik tekstur, som lagar lyd eller har sterke fargar – utforsk saman!

Les saman
Sjå i bøkar saman med babyen din. Vis babyen bileta og snakk om det de seg. La barnet ta på bøkar.
Oppdag gleda ved å sjå i, å lese og å leike med bøkar saman med barnet. Sjølv om babyen kanskje ikkje viser interesse så lenge om gongen, er det ein fin og viktig lesestart.
