Den gigantiske nepa

Ein bestefar plantar eit lite nepefrø. Nepa veks og vert gigantisk. Bestefaren treng hjelp med å dra den opp av jorda. Kor mange må hjelpe til for at nepa løsnar?

Forteljinga er kjend mange stader i verda. Eventyret Репка (Repka) vart først skrive ned av den russiske eventyrsamlaren Alexander Afanasyev i 1860. I seinare tid har ulike versjonar av forteljinga vorte gitt ut på ulike språk, mellom anna på polsk av Julian Tuwim, bulgarsk av Ran Bosilek, engelsk av Jan Brett og ukrainsk av Ivan Franko. Mange vil nok òg kjenna igjen handlinga frå den gamle norske folkevisa «Gubben og gamla låg å drog» frå 1919.

NAFOs forteljing Den gigantiske nepa er inspirert av versjonen som den ukrainske kulturhistorikaren Ivan Franko gav ut i 1891; Ріпка (Ripka). Versjonen blir mellom anna kjenneteikna av dei artige namna på karakterane og gjentagelse som forteljarteknikk.

Et bilde som viser en bok. Rundt boka står det skrevet last ned og skriv ut fortellingen.
Bilde av en katt som holder en saks og et ark. Rundt bildet står det last ned og skriv ut karakterene. Bildet er klikkbart.
Bilde som viser en nepe hvor det står START inni nepen. Rundt nepen stpr det les fortellingen digitalt. En liten mus peker på ordet start.

Tips ved utskrift! Vel print på båe sider og «vend på kortsida»/«flip on short side».
Utskriftsversjonen av denne forteljinga er tospråkleg på valt språk og norsk bokmål.

DEN GIGANTISKE NEPA

DEN GIGANTISKE NEPA

norsk (nynorsk)

Vel tekst og bakgrunnsfarge

forrige
neste
Et bilde av en familie på en gård. en bestefar, en bestemor, et barnebarn (jente), en hund, en katt og en mus. De smiler og vinker.

Det var ein gong ein familie som budde på ein gard i ein liten landsby. På garden budde bestefar Androshka, bestemor Maroshka, barnebarnet Minka, hunden Finka, katten Varvarka og musa Siromanka. 

forrige
neste
Bilde av en bestefar som har plantet et frø som har blitt en spire. Han holder kjærlig rundt spiren.

Då det vart vår, gjekk bestefar Androshka ut i hagen. Han tok med seg ein spade, grov eit hol i jorda og planta eit lite nepefrø.  

Han vatna det vesle frøet kvar einaste dag, og etter ei stund vaks ei lita spire opp av bakken.

forrige
neste
Bilde av en nepe som vokser. Den sammenlignes med ulike ting. Først en mus, så en knyttneve, s en rødbete, så to rødbeter, så bestefars hode.

Spira vart til ei nepe som vaks seg større for kvar dag som gjekk.

Den fyrste dagen var den like lita som ei mus.
Den andre dagen hadde den vorte like stor som ein knyttneve.
Den tredje dagen hadde den vorte like stor som ei rødbete.
Den fjerde dagen hadde den vorte like stor som to rødbetar.

Då bestefar gjekk ut for å sjå på nepa den femte dagen, var den like stor som hovudet hans!

forrige
neste
Bilde av bestefaren som sliter med dra opp nepen. 3 små illustrasjoner, en hvor han holder i bladene på nepen, en hvor han drar nepebladene over skulderen og ett hvor man tørker svette fra pannen.

Bestefar Androshka var veldig nøgd, og gleda seg til å dra nepa opp av jorda.   

Han tok tak i blada på nepa, satte føtene sine godt ned i bakken og drog alt han kunne. Han drog og sleit heile dagen lang, men den gigantiske nepa sat bom fast i bakken.   

Bestefar Androshka ropa på bestemor Maroshka:   
«Kom og hjelp meg med å dra!»

forrige
neste
Bilde av bestefar og bestemor som prøver å dra opp nepen

Bestemor kom så fort ho kunne. Bestefar Androshka tok tak i nepa og bestemor Maroshka tok tak i bestefars skjorte, og så drog dei alt dei kunne. Dei drog og drog, men den gigantiske nepa sat fortsatt bom fast i bakken.   

Bestemor Maroshka ropa på barnebarnet sitt, Minka:   
«Kom og hjelp oss med å dra!»

forrige
neste
Bilde av bestefar, bestemor og barnebarn som prøver å dra opp nepen. Hunden er i bakgrunnen.,

Barnebarnet Minka kom hoppande. Bestefar Androshka tok tak i nepa, bestemor Maroshka tok tak i bestefars skjorte og barnebarnet Minka tok tak i beltet til bestemor, og så drog dei alt dei kunne. Dei drog og drog, men den gigantiske nepa sat fortsatt bom fast i bakken.   

Barnebarnet Minka ropa på hunden sin, Finka:  
«Kom og hjelp oss med å dra!»

forrige
neste
bestefar, bestemor, barnebarn og hund drar i nepen. katten er i bakgrunnen,

Hunden Finka kom løpande. Bestefar Androshka tok tak i nepa, bestemor Maroshka tok tak i bestefars skjorte, barnebarnet Minka tok tak i beltet til bestemor og hunden Finka tok tak i skjørtet til barnebarnet. Dei drog og drog, men den gigantiske nepa sat fortsatt bom fast i bakken.

Hunden Finka ropa på veninna si, katten Varvarka:  
«Kom og hjelp oss med å dra!» 

forrige
neste
bestefar, bestemor, barnebarn, hund og katt drar i nepen. Musen er i bakgrunn.

Katten Varvarka kom luskande. Bestefar Androshka tok tak i nepa, bestemor Maroshka tok tak i bestefars skjorte, barnebarnet Minka tok tak i beltet til bestemor, hunden Finka tok tak i skjørtet til barnebarnet og katten Varvarka tok tak i halen til hunden. Dei drog og drog, men den gigantiske nepa sat fortsatt bom fast i bakken.

Katten Varvarka ropa på kjæledyret sitt, musa Siromanka:  
«Kom og hjelp oss med å dra!» 

forrige
neste
bilde av bestefar, bestemor, barnebarn, hund, katt og mus som prøver å dra opp nepen

Musa Siromanka kom pilande. Bestefar Androshka tok tak i nepa, bestemor Maroshka tok tak i bestefars skjorte, barnebarnet Minka tok tak i beltet til bestemor, hunden Finka tok tak i skjørtet til barnebarnet, katten Varvarka tok tak i halen til hunden og musa Siromanka tok katten i labben, og så drog dei alt dei kunne.

Dei drog og drog, og plutseleg …  

forrige
neste
bilde av nepen som løser fra jorda og faller på bestefar som faller på bestemor som faller på barnebarnet som falle på hunden som falles på katten. mens musen løper unna

BAM! Den gigantiske nepa lausna frå jorda!

Nepa landa på bestefar Androshka, som fall på bestemor Maroshka, som fall på barnebarnet Minka, som fall på hunden Finka, som fall på katten Varvarka, medan musa Siromanka …

forrige
neste
Musen står i døråpningen til huset sitt og vinker ut.

… SVISJ! Ho forsvann inn i museholet sitt.   

forrige
neste

Forteljinga er kjend mange stader i verda. Eventyret Репка (Repka) vart først skrive ned av den russiske eventyrsamlaren Alexander Afanasyev i 1860. I seinare tid har ulike versjonar av forteljinga vorte gitt ut på ulike språk, mellom anna på polsk av Julian Tuwim, bulgarsk av Ran Bosilek, engelsk av Jan Brett og ukrainsk av Ivan Franko. Mange vil nok òg kjenna igjen handlinga frå den gamle norske folkevisa «Gubben og gamla låg å drog» frå 1919.

NAFOs forteljing Den gigantiske nepa er inspirert av versjonen som den ukrainske kulturhistorikaren Ivan Franko gav ut i 1891 Ріпка (Ripka). Versjonen hans blir kjenneteikna av dei artige namna på karakterane og gjentagelse som forteljarteknikk. Ivan Franko skreiv eventyr og dikt for barn, og også dikt og romanar for vaksne. Den ukrainske byen Ivano-Frankivsk er oppkalla etter han.

forrige
neste

Denne fortellingen finner du gratis på flere språk på morsmål.no.
Der finner du også flere fortellinger fra hele verden med tilhørende ressurser.


Lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-
IkkeKommersiell-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.

Copyright © 2024 · NAFO