Divali
Divali er ei høgtid i Hinduismen.
Divali er ein ljosfest. Ljoset hjelper gudane å ljose bort mørkret. Det gode skal vinne over det onde. Ljos og rangolipynt på døra skal ynskje gjester og gode gudar velkomen. Onde åndar skal haldast borte.



Det er ikkje ein fast måte å feire divali på. Det kan vere ulike feiringar på ulike stadar. Divali feirast i slutten av oktober eller i byrjinga av november. På divali pyntar familien seg med fine klede. Mange målar hendane med henna. Det er vanleg å feire med familie og vener. Dei et god mat, kaker og godteri. Mange gir kvarandre gåver. Nokre sender opp fyrverkeri.





Hinduar trur på mange gudar. Lakshmi er gudinna for ljos, velstand og rikdom. Hinduane ynskjer at Lakshmi vil vitje huset deira under divali. Ho held onde åndar borte. Divali minnast òg om at gudane Rama og Sita kom heim etter mange år på flukt.


Hinduane ber og gjev gåver til gudane under divali. Det kallast Puja. Då settast det fram mat, drikke, ljos og røykelse. Mange syng eller dansar. Det er òg vanleg å gje statuane av gudane ein vask og pynte dei med eit farga pulver. På divali gjeng mange i tempel og vitjar vener. Dei ynskjer kvarandre god divali og sender divalikort.

