Jødedommen
Jødedommen oppstod i midtausten for om lag 4000 år sidan. Ordet jøde refererer til ein person som tilhøyrer det jødiske folk, enten religiøst, kulturelt eller etnisk.
Det er om lag 15 millionar jødar i verda. Dei fleste bur i Israel eller USA. I likskap med kristendommen og islam er trua på ein Gud sentral i jødedommen. Jødedommen er den eldste av dei tre monoteistiske religionane.
Jødedommen har fleire ulike retningar som tolkar og praktiserar religionen forskjellig. Ortodoks jødedom, konservativ jødedom og reformjødedom er døme på ulike retningar.
Trua
Jødane trur på ein Gud. Gud skapte verda og gav rettleiing til menneska gjennom sine lovar. Jødedommen starta med pakta mellom Gud og Abraham, der Gud gjorde ein spesiell avtale med Abraham. Gud lova at Abraham skulle verte far til eit stort folk, og at Abrahams folk skulle få landet Kanaan. Til gjenggjeld måtte Abraham og etterkommarane hans følgje Gud og leve etter hans lovar.
Viktige verdiar i jødedommen er nestekjærleik, tilgiving og rettferd. Trua påverkar mange sider i kvardagslivet. Det finst detaljerte lovar og skikkar knytt til mat, klede, bøn og høgtider. Ved å følgje desse reglane ynskjer jødar å oppretthalde ein nær relasjon til Gud.

Ortodokse pilgrimmar under ein gudsteneste i synagoga
Heilage personar
I jødedommen reknast patriarkane Abraham og hans søner, Isak og Jakob som heilage personar. Dei sjåast på som forfedre til det jødiske folket og er sentrale i pakten med Gud.
Moses reknast som den største profeten. Han fekk Dei ti bod frå Gud på fjellet Sinai. Han hjalp det jødiske folket med å verte fri frå slaveriet i Egypt.
Jødedommen har inga helgener, men dei har fleire heilage personar. Desse er førebilete på tru, leiarskap og lydnad mot Gud.

Heilage bøkar
Tanakh er ei heilag bok som utgjer grunnlaget for jødisk tru og tradisjon. Tanakh er både ei historisk og ein åndeleg vegvisar som formidlar Guds lovar og Israels historie. Tanakh består av tre delar. Den viktigaste delen er Toraen. Toraen består av dei fem Mosebøkane med lovar, etniske retningsliner og historiske forteljingar.
Talmud er ein tekst som tolkar Tanakh. Talmud fortel korleis ein skal leve eit religiøst liv og forklarar jødanes reglar og plikter. Dei som tolkar Tanakh er ekspertar på lovane og kallast rabbinarar.

Gudehus
Jødiske gudehus kallast synagogar. Synagoga er den viktigaste samlingsstaden for religiøse og sosiale aktivitetar. Der møtast jødane til bøn, studiar og felles gudstenestar. I tillegg brukast synagoga til undervisning, feiring av høgtider og andre aktivitetar som byggjer fellesskap.
Synagogas viktigaste element er aron ha-kodesh som tyder det heilage skåpet. I det heilage skåpet oppbevarast Torah-rullane. Synagogene kan variere i storleik og utforming, men dei er alltid vendt mot Jerusalem.






Høgtider og ritual
Jødedommen har mange høgtider og ritual som markerer viktige hendingar i religionenes historie og i jødanes liv. Blant dei viktigaste høgtidene er Sabbat, Pesach, Yom Kippur og Hanukkah.
Sabbaten feirast kvar veke frå solnedgang fredag til solnedgang laurdag. Sabbaten er ei tid for kvile, bøn og fellesskap. Pesach feirast til minne om jødanes utvandring frå Egypt og frigjering frå slaveriet.
Yom Kippur kallast forsoningsdagen. Dette er årets heilagaste dag som brukast til refleksjon, anger og faste. Hanukkah er ein ljosfest som feirast ved å tenne ljos i ein ljosstake som kallast menorah.

