Landsdelar og fylke i Noreg
Kva for landsdelar har Noreg? Kor mange fylke er landet delt inn i?
Landsdelar
Kilde: lokalhistorie.wiki.com
Fylke Kilde: KDD/Kartverket
Det er vanleg å dele Noreg i fem landsdelar: Nord-Noreg, Trøndelag, Austlandet, Sørlandet og Vestlandet. Kvar landsdel består av eitt eller fleire fylke.
Det er 15 fylke i Noreg. Fylka er administrative einingar, det tyder at dei er politisk styrt. Det er fylkestinga som styrer fylka. Medlemma i fylkestinga er folkevalde.
Nord-Noreg
Nord-Noreg ligg lengst nord i landet. Landsdelen består av dei tre fylka Finnmark, Troms og Nordland.
Den største delen av Nord-Noreg ligg nord for Polarsirkelen. Nord for Polarsirkelen er mørketid ein del av vinteren og midnattssol ein del av sumaren. Når det er mørketid kan ein ikkje sjå sola noko tid på døgnet. I perioden med midnattssol kan ein sjå sola både om dagen og om natta. Dess lenger nord ein kjem, dess fleire døgn er det med midnattssol og mørketid. På Nordkapp er det mørketid frå 20. november til 22. januar, og midnattssol frå 14. mai til 29. juli.
I Nord-Noreg kan ein sjå nordlys om vinteren. Nordlys er grønt og rosa ljos som rører seg på himmelen.
Finnmark fylke
Finnmark ligg lengst nord og lengst aust i Noreg og grensar til Russland og Finland. Finnmark er Noregs nest største fylke i areal og det minste i folketal. Nordkapp er eit kjend turistmål i Finnmark. Nordkapp omtalast ofte som Noregs og Europas nordlegaste punkt. Det er ikkje heilt riktig, for Knivskjellodden ligg omtrent 1,5 kilometer lenger mot Nord.
Det bur mange samar i Finnmark, og samisk språk er likestilt med norsk mange stadar i fylket. Sametinget er eit folkevald organ som har som oppgåve å sikre samiske rettar, språk og kultur. Sametinget ligg i Karasjok.
Troms fylke
Troms er Noregs nest nordlegaste fylke. Fylket har grense mot Finland. Tromsø er fylkets største by, og òg den største byen i Nord-Noreg. Ei kjend kyrkje i Tromsø er Ishavskatedralen. Bygninga si form kan likne på isbrear og fjell.
Nordland fylke
Nordland er eit langt og smalt fylke som har grense til Sverige. Bodø er den største byen i Nordland.
Skreien heng til tørk og skal bli til tørrfisk
Lofoten ligg i Nordland og består av mange øyer. Frå januar til april vert det fiska store mengder skrei i Lofoten. Skrei er ein torsk som lever langt nord i Barentshavet store delar av året. Skreien kjem til kysten for å leggje egg i perioden frå januar til april. Mykje av skreien vert tørka. Fisk som er tørka kallast tørrfisk. Det meste av tørrfisken vert eksportert til andre land, til dømes Italia og Nigeria.
Den nordlege polarsirkelen går igjennom Nordland. Nord for polarsirkelen er det mørketid og midnattssol.
Trøndelag
Trøndelag ligg midt i landet og er både ein landsdel og eit fylke. Landsdelen kallast òg Midt-Noreg. Trøndelag har lange fjordar, fruktbare jordbruksareal og høge fjell. Den lengste fjorden i Trøndelag er Trondheimsfjorden og Trollhetta er det høgste fjellet. Trøndelag har grense til Sverige.
Den største byen i Trøndelag er Trondheim. Trondheim er en tredje største byen i Noreg. Nidarosdomen er ein kjend katedral i Trondheim. Nidarosdomen er den nordlegaste middelalderkatedralen i verda.
Røros er ein by som ligg i Trøndelag. Røros ligg høgt oppe i Rørosfjella. Byen vart lagt der fordi dei fann kopar i fjellet der i 1644. Det vart laga kopargruver. Folk flytte til Røros for å arbeide i gruvene. Slik voksa Røros by fram.
Austlandet
Austlandet ligg i den sør-austlege delen av landet. Austlandet består av 6 fylke. Det er Oslo, Vestfold, Telemark, Buskerud, Akershus og Innlandet. Austlandet har eit variert landskap med flate jordbruksområde i aust og fjellområde i vest. Regionen har òg fleire store innsjøar, som Mjøsa og Tyrifjorden. Austlandet er den største og mest befolka landsdelen i Noreg. Nesten halvparten av Noregs befolkning bur på Austlandet.
Oslo
Oslo er Noregs hovudstad og den største byen i Noreg. Byen ligg innerst i Oslofjorden. Kjende landemerke i Oslo er Det kongelege slott, Stortinget, Operabygninga og Frognerparken. Frognerparken er ein park som er kjend for sine mange statuar.
Noregs hovudgate er Karl Johans gate. Slottet ligg på toppen av bakken.
«Sinnataggen» er ein av dei mest kjende statuane i Frognerparken.
Vestfold fylke
Vestfold ligg vest for Oslofjorden og er det minste fylket målt i areal. Fylket har ei lang kystlinje og ein skjærgård med mange små øyer, holmer og skjær. Tønsberg er den største byen i Vestfold og reknast òg som Noregs eldste by.
I Vestfold er det gjort mange arkeologiske funn frå vikingtida, mellom anna Osebergskipet. Osebergskipet vart funne i ein stor gravhaug i Tønsberg. Skipet vart bruka som gravskip for to kvinner.
Telemark fylke
Telemark strekk seg frå kysten til høgfjellet. Skien og Porsgrunn er dei største byane i fylket.
Byen Rjukan, som er på UNESCOs verdsarvliste ligg i Telemark. Byen vart grunnlagd på byrjinga av 1900-talet av Norsk Hydro for å produsere kunstgjødsel for å auke matsikkerheita i Noreg og Europa.
Gaustatoppen er det høgste fjellet i Telemark. Ein av attraksjonane ved Gaustatoppen er Gaustabanen. Gaustabanen er ein taugbane som går i ein tunnel i fjellet frå foten av fjellet til toppen.
Buskerud fylke
Buskerud ligg vest for Oslofjorden og strekker seg frå kysten og opp til Hardangervidda. Hardangervidda er om lag 8000 kvadratkilometer og er Nord Europas største høgfjellsplatå. Eit høgfjellsplatå er eit stort og ganske flatt område som ligg høgt over havet. Høgfjellsplatå kallast nokre gonger òg for vidde.
Dei største byane i Buskerud er Drammen, Kongsberg og Hønefoss. Drammen ligg ved Drammenselva som er blant dei største elvene i Noreg. Kongsberg er mest kjend for sylvgruvene. Sylvgruvene er ikkje lenger i drift, men er gjort om til museum.
Akershus fylke
Akershus fylke er det tredje minste fylket i areal, men er det nest største fylket i folketal med om lag 700 000 innbyggjarar. Fylket strekker seg frå Oslofjorden i sør til Mjøsa i nord. Akershus har eit variert landskap med både kyst, jordbrukslandskap og skog.
Eidsvoll ligg nord i Akershus fylke, rett før for Mjøsa. Eidsvoll er kjend for Eidsvollsbygninga. Det var i denne bygninga den norske grunnlova vart skrive i 1814.
Noregs hovudflyplass ligg på Gardermoen som er omtrent midt i Akershus fylke.
Østfold fylke
Østfold er det fylket som ligg lengst søraust i landet. Fylket har grense mot Sverige. Dei største byane i fylket er Fredrikstad og Sarpsborg. Noregs lengste elv, Glomma, renn gjennom Sarpsborg og har sitt utløp i Fredrikstad.
Fredrikstad og Halden er kjende byar i Østfold. Gamlebyen i Fredrikstad reknast som Nord Europas best bevarte festningsby. Sjølve festningsverka er frå 1600-talet.
Fredriksten Festning er ein historisk festning som ligg i Halden. Festningen vart bygd i 1661 som eit forsvarsverk ved grensa mot Sverige. I dag er Fredriksten Festning eit populært turistmål.
Innlandet fylke
Innlandet er det største fylket i areal og det einaste fylket som ikkje har kystlinje. Innlandet strekk seg frå fruktbare landbruksområde i aust til høgfjellet i vest. Fylket har grense til Sverige. Dei største byane er Hamar, Lillehammer og Gjøvik. Alle desse byane ligg ved Mjøsa, som er Noregs største innsjø.
To kjende fjellområde i Noreg er Dovrefjell og Jotunheimen. Begge ligg i Innlandet. Dei to høgste fjella i Noreg, Galdhøpiggen og Glittertind, ligg i Jotunheimen.
Innlandet er landets største hyttefylke med omtrent 90 000 hytter eller fritidsbustadar. Dei fleste fritidsbustadar ligg i tilknytning til kjende turistplassar, til dømes Trysil, Hafjell og Kvitfjell, som alle er kjende plassar å reise til for å stå på ski om vinteren eller for å drive med andre friluftsaktivitetar om sumaren.
Sørlandet
Det er berre eit fylke på Sørlandet, nemleg Agder. Sørlandet har ein fin skjærgård med øyer, holmer og mange badeplassar. Sørlandet er eit populært reisemål for sumarferie, med mange strendar, campingplassar og fritidsbustadar langs kysten.
Sørlandet er kjend for sine små byar med smale gater og kvitmåla trehus. Dei to største byane på Sørlandet er Kristiansand og Arendal.
Noregs sørlegaste punkt er Lindesnes. Lindesnes fyr vart bygd i 1656 og er det eldste fyrtårnet i Noreg. Det er fortsatt i drift og det finst eit museum i tilknytning til fyret.
Vestlandet
Vestlandet består av dei tre fylka Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Naturen på Vestlandet er prega av lange og djupe fjordar og bratt terreng med høge fjell. Noregs lengste fjord, Sognefjorden ligg på Vestlandet. Den er 204 kilometer lang. Dei største byane i landsdelen er Bergen, Stavanger, Ålesund og Haugesund. Vestlandet er kjend for sin sjømat, spesielt laks og klippfisk, og for sin oljeindustri.
Rogaland fylke
Den største byen i Rogaland er Stavanger. Det vart funne olje i Nordsjøen på slutten av 1960-talet. Det vart bestemt at hovudkontoret for oljeindustrien skulle ligge i Stavanger. Der var det fire tilsette i byrjinga. Ein av dei kjem frå Irak og heiter Farouk Al-Kasim.
Vestland fylke
Den største byen i Vestland er Bergen. Bergen er den nest største byen i Noreg, og byen kallast ofte Vestlandets hovudstad. Brygga i Bergen er ein kjend stad i Bergen.
Det er mange isbrear i Noreg. Ein isbre er eit stort område som består av is. Nokre stadar er det så kaldt om sumarane at snøen ikkje smeltar. Då vert det meir og meir snø kvart år. Snøen vert etter kvart til is. Når området med is vert så stort og tungt at det byrjar å skli nedover fjellsida, er det ein isbre. Jostedalsbreen er den største isbreen i Noreg. Jostedalsbreen ligg i Vestland fylke.
Møre og Romsdal fylke
Den største byen i Møre og Romsdal er Ålesund. Det var ein stor bybrann i Ålesund i 1904. Nesten heile Ålesund sentrum brann ned. Byen vart gjenoppbygd i jugendstil. Det var tyske arkitektar som planla den nye arkitekturen.
Noregs høgste fossefall ligg i Møre og Romsdal, det heiter Vinnufossen. Det er ikkje så mykje vatn att i dei høgste fossane i Noreg. Midsunstrappa er ei steintrapp med 2200 trappetrinn. Den er bygd av sherpaer frå Nepal.
Bilder som ikke er merket er lisensiert fra AdobeStock
Lær meir om Noreg på Samfunnskunnskap.no
På Samfunnskunnskap.no fins filmar, tekstar og interaktive oppgåver om Noreg på fleire språk.