Språk og samspel – frå 8 månadar
Visste du at
Babyen bablar mykje og nyttar lydar for å gjere seg forstått. Barnets hukommelse vert betre i denne perioden og barnet kan kjenne att ord sjølv om det kanskje ikkje kan seie noko endå. Barnet lærer språket ved at du snakkar med barnet og seier dei same orda mange gonger. Barnet likar å leike med deg.
Hjartespråk
For dei fleste er hjartespråket det språket som er lettast å forklare sine kjensler på, og språket ein drøymer på. Hjartespråket er ofte òg språket ein føler seg mest komfortabel med.
Nytt språket som er mest naturleg for deg når du pratar til barnet.

Snakk med barnet
Fortel barnet kva du gjer når du er saman med barnet, til dømes: «No skal eg hente skeia slik at eg kan gje deg mat». Set ord på handlingane du gjer i ulike situasjonar.
Snakk om det de ser, det de gjer saman og om det barnet viser interesse for. Barnet likar at du snakkar langsamt og med mjuk stemme.

Syng for barnet
Bruk rørsle som passar til songar du syng til barnet. Finn fram ting som barnet kan nytte til å lage lyd med. Dette likar barnet.
Døme på barnesongar med rørsle:
- Fader Jakob
- Ro, ro, ro din båt
- Lille Petter Edderkopp
- Er du veldig glad og veit det…

Leik saman
Snakk med barnet om leikene. Send leikene fram og tilbake mellom dykk medan du fortel barnet kva du gjer. Barn likar gjentaking, så gjer gjerne det same fleire gonger. Byt på kven som leiar leiken.
Døme på aktivitetar du kan gjere med barnet
- Leik «borte-bø/titt-tei».
- Fyll og tøm ein boks med leiker, til dømes ei putekasse eller ein boks med klossar.
- Leik med stableklossar (bygg opp og riv ned)

Lag gode leserutinar
Ha bøker tilgjengeleg for barnet ditt der barnet leikar. Vis barnet bileta i boka og snakk om det de ser. La barnet peike, bla om på sidene og halde boka sjølv.
Set av litt tid kvar dag til å sjå i bøker saman. Finn gjerne faste tidspunkt på dagen til å gjere dette, til dømes før leggetid eller etter eit måltid. Ei lesestund treng ikkje å vare så lenge. Nokre gonger er det nok å berre sjå på eit bilete eller det kan vere morosamare å bytte bok fleire gonger.
