Språk og samspel – svangerskap til nyfødd
Visste du at
Ved å snakke mykje med barn stimulerar du barnets språkutvikling.
Hjartespråk
For dei fleste er hjartespråket det språket som er lettast å forklare sine kjensler på, og språket ein drøymer på. Hjartespråket er ofte òg språket ein kjenner seg mest komfortabel med.
Bruk språket som er mest naturleg for deg når du prater til babyen.

I magen
Snakk eller syng til barnet medan det er i magen. Barnet kjenner att stemma di. Snakk gjerne ditt hjartespråk med babyen. Syng – barnet elskar å høyre deg synge.

Nyfødd
Babyen kommuniserar med deg sjølv om den ikkje har språk
Babyen gret, lagar lydar, sprellar og lagar grimasar.
Babyen likar at du svarar og lagar lydar tilbake. Babyen likar aller best når du snakkar med mjuk stemme.

Syng for babyen
Syng på hjartespråket ditt. Nytt gjerne songar frå din eigen barndom.

Babyen er opptatt av deg
Babyen ser på deg, hermar etter deg og lærer av deg.
Snakk mykje med babyen om det de gjer saman, til dømes på stellebordet, når de er ute på tur eller når du lagar mat.
