Vinterklede
Uteleik er ein stor del av norsk barnehage- og skulekvardag. Ressursen Om vinterklede på fleire språk kan hjelpe personalet og gi føresette viktig informasjon om klede. Informasjonen er omsett til fleire språk.
Korleis kan ressursen brukast?
- Som informasjon til føresette.
- Som støtte i samtalar med føresette eller på foreldremøte.
- Hengje opp tekst og bilete som plakat.
Ressursen er publisert i word-format og PDF-format. Vi tilrår å bruke den ikkje-redigerbare versjonen viss du ikkje beherskar det valde språket. Om du beherskar det valde språket, kan word-formatet redigerast etter eige behov.