Vinterklede

Uteleik er ein stor del av norsk barnehage- og skulekvardag. Ressursen Om vinterklede på fleire språk kan hjelpe personalet og gi føresette viktig informasjon om klede. Informasjonen er omsett til fleire språk.  

Korleis kan ressursen brukast? 

  • Som informasjon til føresette. 
  • Som støtte i samtalar med føresette eller på foreldremøte. 
  • Hengje opp tekst og bilete som plakat.  

Ressursen er publisert i word-format og PDF-format. Vi tilrår å bruke den ikkje-redigerbare versjonen viss du ikkje beherskar det valde språket. Om du beherskar det valde språket, kan word-formatet redigerast etter eige behov.