Kristendommen

Denne teksten finnes på flere språk. Tanken er at teksten skal være et supplement til andre læremidler og andre aktiviteter i opplæringen. Det er altså ikke meningen at disse ressursene skal stå alene, men at de kan brukes i innledning til arbeid med temaet.

Teksten kan, for eksempel, brukes sammen med tospråklig lærer for å aktivere elevenes kunnskaper om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

Kristendommen oppstod for omlag 2000 år sidan i Midtausten, i det området som i dag er Israel og Palestina. På den tida var dei fleste i Midtausten jødar. Ordet kristendom kjem frå Jesus Kristus.

Kristendommen er verdas største religion. Folk som vedkjenner seg kristendommen kallast kristne. Det er omlag 2,3 milliardar kristne menneske i verda. I likskap med jødar og muslimar trur kristne at det berre finns ein Gud. Difor kallast dei tre religionane monoteistiske religionar.

Etter kristendommen sitt opphav, utvikla religionen seg i ulike retningar. Det er vanleg å dele kristendommen inn i tre hovudretningar. Det er den katolske kyrkja, den ortodokse kyrkja og den protestantiske kyrkja. Felles for alle retningane er at dei ser på Bibelen som heilag og at Jesus Kristus er Guds son.

Trua

Kristne trur på ein Gud som eksisterar i tre former. Det er Faderen, Sonen (Jesus Kristus) og Den heilage ande.

I følgje Bibelen skapte Gud verda, og Jesus var sonen hans. Jesus er kristendommen sin viktigaste profet. Han skulle lære menneska om Gud for å gje dei håp. Bibelen fortel at Jesus døydde på eit kors og stod opp igjen frå dei døde. Den heilage ande gjer rettleiing, styrke og trøyst til dei som trur.

Trua er ein viktig del av kvardagen for mange kristne. Dei kan be dagleg og lese i Bibelen. Dei kan delta i gudstenester og andre kyrkjelege aktivitetar. Viktige verdiar i kristendommen er nestekjærleik, tilgjeving og medkjensle. Kristne blir oppfordra til frivillig innsats og til å støtte dei som er i nød.

Heilage personar

I kristendommen er det mange personar som reknast å vere heilag eller har ei spesiell tyding. Dei blir sett på som forbilete på grunn av sin nærleik til Gud.

Den viktigaste personen i kristendommen er Jesus. Mor hans kallast Jomfru Maria. Ho er eit forbilde på tru, lydnad og audmjuking. Jesus hadde 12 disiplar som var elevane hans. Etter at Jesus døydde, var det disiplane si oppgåve å spreie bodskapet hans til menneska. Dei skulle fortelje kva Jesus sa og gjorde medan han levde på jorda.

I den katolske og ortodokse tradisjonen reknast helgener som personar som har levd eit spesielt heilagt og eksemplarisk liv. Sankta Lucia er eit døme på ein helgen. Den 13. desember markerast Luciadagen til minne om ho.

Heilage bøker

Bibelen er den heilage boka i kristendommen. Den består av Det gamle testamentet og Det nye testamentet. Det gamle testamentet inneheld tekstar om viktige personar og hendingar frå tida før Jesus blei født. Mosebøkane er ein del av Det gamle testamentet. Der finns mellom anna forteljingane om Abraham og Moses. Desse tekstane er også viktige for Islam og Jødedommen.

Det nye testamentet inneheld tekstar som handlar om livet til Jesus, og korleis bodskapet hans blei spreidd. Det nye testamentet er sentralt i kristen tru og praksis.

Gudshus

Kristne gudshus kallast kyrkjer. Kyrkja er den viktigaste samlingsstaden for religiøse og sosiale aktivitetar. Der møtast dei kristne til bøn, studier og felles gudstenester. I tillegg nytter ein kyrkja til undervisning, feiring av høgtider og andre aktivitetar som byggjer fellesskap. Ei gudsteneste vert leda av ein prest som fortel og les frå Bibelen. Dei som deltar kallast menigheit.

Kyrkjene kan variere i storleik og utforming. Som symbol på kristendommen har dei fleste kyrkjer minst eit klokketårn og eit kors. Kyrkjeklokkene ringjer for å fortelje at det er gudsteneste, eller andre sermoniar i kyrkja.

Høgtider og ritual

Nokre av dei viktigaste høgtidene i kristendommen er jul, påske og pinse. Høgtidene markerar viktige hendingar i religionens historie.

Jul feirast for å markere at Jesus blei født. Mange kristne feirar med gudstenester, gåver eller familiefestar. Påske markerar at Jesus døydde på korset og sto opp igjen frå grava. Pinse feirast til minne om at den heilage ande kom til disiplane og gav dei evna til å snakke og forstå alle språk. Pinse reknast som starten på den kristne kyrkja.

Dei forskjellige retningane i kristendommen kan ha ulike ritual. Felles for rituala er at dei skal hjelpe dei truande med å oppleve nærleik til Gud, samhald og fellesskap i menigheita. Døme på kristne ritual er dåp, nattverd og konfirmasjon.

Under dåpen heller presten vatn over hovudet til den som døypast.

Nattverd feirast med brød og vin til minne om Jesu siste måltid med disiplane.

Lær mer om kristendommen