Barn i fleirspråklege familiar
Informasjonsheftet belyser 10 ofte stilte spørsmål om barn si fleirspråklege utvikling. I tillegg til å rette seg mot foreldre, er heftet svært aktuelt for tilsette i barnehagar og skular og på helsestasjonar. Det kan vere eit fint utgangspunkt for samtale mellom foreldre og tilsette i desse institusjonane om den fleirspråklege utviklinga til barna.
Klikk på overskrifta for tekst og lytt til lydfila
Informasjonsheftet omhandlar 10 spørsmål som foreldre ofte stiller om den fleirspråklege utviklinga til barna. I tillegg er heftet retta mot tilsette i barnehagar, skular og ved helsestasjonar, og det kan brukast som eit utgangspunkt for samtale med foreldra om den fleirspråklege utviklinga til barna.
Informasjonsheftet er laga med utgangspunkt i den svenske brosjyren Två språk eller flera – Råd til flerspråkiga familjer, utarbeidd av Språkforskningsinstituttet i Rinkeby, og er ei revidert utgåve. Heftet er omskrive og tilpassa den situasjonen fleirspråklege barn i norske barnehagar og skular er i.
Barn kan lære fleire språk samtidig. I store delar av verda er det vanleg at barn lærer fleire språk frå dei er heilt små. Det er viktig at både heimen, barnehagen og skulen hjelper aktivt til for at barnet skal utvikle fleire språk på eit tilfredsstillande nivå. Det er òg viktig at dei vaksne som barnet har rundt seg, oppmuntrar og støttar barnet i å bli fleirspråkleg.
Familiar med minoritetsbakgrunn kan lettare halde kontakt med slekt og vener i andre land dersom dei tek vare på morsmålet sitt. Barna i slike familiar har større moglegheit for å ta del i kulturarven til foreldra dersom dei meistrar det språket foreldra snakkar. Dette styrkjer identiteten og tilhøyringa til barnet.
Barn har betre føresetnader for å lære eit andrespråk dersom dei har eit godt utvikla morsmål. Morsmålet og andrespråket kan fungere som støtte for kvarandre. Dersom barnet har lært eit omgrep på morsmålet, til dømes gaajaysan på somalisk, er det lettare å lære seg ordet for det tilsvarande omgrepet, svolten, på norsk.
Alle foreldre ynskjer at barna skal gjere det bra på skulen. Difor vil mange foreldre at barna skal lære norsk tidleg. Det tyder ikkje at foreldra skal slutte å bruke morsmålet når dei snakkar med barnet. Foreldra kan hjelpe barnet med å få tilgang til arenaer der dei kan møte det norske språket. Det vanlegaste er at dette skjer i barnehagen og nærmiljøet eller saman med vener og kjenningar av foreldra.
I familiar der mor og far har ulike morsmål, er det tilrådd at begge foreldra snakkar kvart sitt morsmål saman med barnet. Når heile familien er samla, kan ein velje det som kjennast naturleg å bruke; eitt av morsmåla, norsk eller eit anna felles språk. Det viktigaste er at foreldra kan kommunisere med barna sine på det språket foreldra meistrar best. Også i familiar der ein av foreldra er norskspråkleg og den andre har eit anna morsmål, er det bra for barnet dersom foreldra snakkar sitt eige språk. Ofte kan det norske språket bli det dominerande språket i slike familiar. Dersom foreldra ynskjer at barnet skal bli fleirspråkleg, er det viktig å gje barnet støtte til å utvikle begge språka.
Det er heilt normalt at fleirspråklege barn blandar ord frå ulike språk i ei og same setning. Det kan kome av at dei enno ikkje har lært seg å skilje mellom dei ulike språka. Det kan også vere at barnet “låner” ord frå det andre språket dersom dei har behov for det. Barnet brukar dermed den samla språkkompetansen sin.
Det er vanleg at barn vekslar mellom språka når dei snakkar med andre tospråklege personar. Dei utnyttar sjansen til å veksle mellom dei ulike språka dei kan, for å få fram ein nyanse eller ei kjensle, eller for å skape fellesskap mellom personar som snakkar same språk. Mange einspråklege kan ha vanskeleg for å forstå eller akseptere ei slik veksling mellom språk. Forsking viser at ein må ha høg språkleg bevisstheit for å kunne veksle mellom språka på ein god måte, og at dette er naturleg og funksjonelt i tospråklege samtalar.
Ettersom vi brukar dei ulike språka i ulike samanhengar, er det vanleg at fleirspråklege barn meistrar ulike område og situasjonar betre på eitt språk enn på eit anna. Barnet kan til dømes lettare fortelje om kva som har skjedd i barnehagen, på norsk, men føretrekk å bruke morsmålet når han eller ho skal snakke om ting og situasjonar som har med familien og heimen å gjere. Barnet kan bruke morsmålet i samtale med eldre slektningar og foreldre, men vekslar mellom dei ulike språka når han eller ho snakkar med vener og søsken.
Det er ikkje uvanleg at tospråklege barn i visse periodar føretrekk å snakke norsk, sjølv om foreldra prøvar å vere konsekvente og snakke morsmålet med dei. Dersom barnet snakkar norsk når foreldra snakkar morsmålet, kan foreldra prøve å hjelpe barnet ved å svare med dei rette orda og uttrykka på morsmålet. Kontakten og kommunikasjonen med barnet er derimot det viktigaste, uansett kva språk ein bruker. Det er viktigare å lytte til kva barn har å seie, enn å vere oppteken av kva språk dei vel å seie det på. Det gjeld å vere tolmodig. Det tek tid for barnet å lære morsmålet i eit miljø der norsk har stor tyngd og ofte høgare status enn morsmålet.
For at barnet skal bli fleirspråkleg er det viktig at foreldra held fram med å snakke morsmålet med barnet. Det er fint om det finst andre barn og vaksne i omgivnadene som har same morsmål som barnet, slik at språket fyller ein funksjon også utanom familien. Sjølv om barn ikkje aktivt snakkar morsmålet til foreldra, kan dei ofte forstå mykje meir enn dei kan seie.
Dette kan leggje eit grunnlag for å lære seg å bruke språket meir aktivt seinare.
Tyrkiskspråklege barn i Tyrkia og norskspråklege barn i Noreg lærer seg morsmålet i mange ulike situasjonar og i kontakt med ulike menneske; i familien, saman med slekt og vener, i barnehagen, på skulen, i butikken, ute i gata og på bussen. Heile dagen har barna sjansen til å høyre, snakke og lære morsmålet sitt. Mange barn med minoritetsbakgrunn har dårlegare moglegheiter til å utvikle morsmålet sitt i Noreg. Dei fleste av barna kjem først og fremst til å høyre og bruke morsmålet i heimen. Dette stiller store krav til foreldra, som i lag med barnehagen og skulen må stimulere morsmålsutviklinga til barnet. Vaksne i omgivnadene til barnet må sørgje for at barnet får snakke morsmålet så mykje som mogleg, både i og utanfor familien.
Mange kommunar har tilbod om opne barnehagar der foreldra er til stades saman med barna. Dit kan ein kome for å treffe andre foreldre og barn til leik, aktivitetar og sosialt lag. I enkelte kommunar tilbyr biblioteket eventyrstunder på ulike språk.
Biblioteka har også barne- og ungdomsbøkar og lydbøkar på fleire språk til utlån. Undersøk i kommunen din kva for moglegheiter som finst. I tillegg kan foreldre, barnehagar og skular bruke Det flerspråklige bibliotek. Der finst det bøker for både barn og vaksne på mange ulike språk. Det lokale biblioteket kan hjelpe deg med å låne bøker derfrå. På nettstaden finn ein bøker og lydbøker på ulike språk samt rim, regler, songar og forteljingar på mange språk.
Å gå i barnehage gir eit godt utgangspunkt for den norskspråklege utviklinga til fleirspråklege barn. Vidare er det viktig å ha eit godt samarbeid mellom barnehage, helsestasjon, skule og foreldre. Barnehagen og skulen har eit stort ansvar for korleis barna utviklar seg i norsk, men rolla til foreldra er likevel også viktig for den norskspråklege utviklinga til barna. Foreldra kan mellom anna støtte opp om det språkarbeidet som blir gjort i barnehagen og på skulen, sjølv om dei sjølve ikkje snakkar så godt norsk.
For barn i førskulealderen kan barnehagen gje gode og varierte moglegheiter for språkleg utvikling. Når barna blir eldre og går på skulen, kan SFO eller aktivitetsskulen og ulike fritidsinteresser som fotball, kor, dans, kulturskule eller liknande vere fine møteplassar for språkleg og sosial utvikling. Foreldra kan oppmuntre barna til å bli med på desse aktivitetane. Barnehagen har ansvar for å leggje til rette for språkutviklinga til barnet i barnehagen, i nært samarbeid med foreldra.
Barnehagen er gjennom Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver forplikta til å støtte at barn bruker sitt morsmål og samtidig arbeide aktivt med å fremme barnas norskspråklege kompetanse. Foreldre kan diskutere med barnehagelæraren kva behov barnet har for språkleg stimulering, om det til dømes er moglegheit for å ha ein tospråkleg assistent eller tilby andre språkpedagogiske tiltak i barnehagen.
Barn som lærer seg eit nytt språk, held seg til det nye språket på ulike måtar. Enkelte barn begynner å prøve ut ord og setningar på det nye språket med ein gong, mens andre ventar lenge, av og til fleire månader, før dei uttrykkjer seg på det nye språket. Når eit barn begynner i ein barnehage der morsmålet ikkje blir snakka, kan dette vere ein krevjande situasjon for barnet. I denne tida er det spesielt viktig med eit nært og trygt samspel med dei vaksne i barnehagen. Sjølv om barnet ikkje snakkar norsk med barn og vaksne i barnehagen, er det viktig å sjå at barnet kommuniserer på andre måtar, til dømes ved å peike og bruke mimikk og kroppsspråk. Barnet samlar kunnskap og informasjon om det nye språket heile tida, sjølv om han eller ho ikkje uttrykkjer seg på norsk. Enkelte barn kan av ulike årsaker ha forseinka språkutvikling eller språkvanskar. Då må barnehagen og foreldra samarbeide om korleis dei kan hjelpe barnet, til dømes ved å få ekstern hjelp til å greie ut språkutviklinga til barnet og gje barnet den hjelpa han eller ho treng både heime og i barnehagen.
Sjølv om barnet ikkje møter andre barn eller vaksne som snakkar morsmålet i barnehagen, er det positivt for den fleirspråklege utviklinga til barnet at morsmålet blir godkjent.
Foreldra bør difor snakke morsmålet med barnet når dei er i barnehagen – når det er naturleg. Tilsette som ikkje har det same morsmålet som barnet, må samtidig vise ei positiv interesse for morsmålet til barnet, til dømes ved å lære seg nokre ord, songar og regler på morsmålet til barnet. Det er bra for den fleirspråklege utviklinga til barnet at det finst både vaksne og barn i barnehagen som meistrar morsmålet til barnet.
Ein rekke barn har eit annet morsmål enn norsk og lærer norsk som andrespråk i barnehagen. Det er viktig at barna blir forstått og får moglegheit for å uttrykke seg. Barnehagen må støtte at barn brukar sitt morsmål og samtidig arbeide aktivt med å fremje barnas norskspråklege ferdigheitar.
Slik støtte av morsmålet til barnet kan skje på mange måtar, uansett om personalet kan morsmålet til barnet eller ikkje. Men for mange barn kan det vere svært viktig at dei får tospråkleg assistanse i barnehagen. Tospråkleg personale kan bidra til auka tryggleik både for barnet og foreldra og kan fungere som eit bindeledd mellom heimen og barnehagen. Saman med ein vaksen som kjenner morsmålet, kan barnet forstå og sjølv gjere seg forstått i møte med andre barn og vaksne i barnehagen. Barnet får ein verdifull moglegheit til å vidareutvikle morsmålet samtidig som han eller ho får støtte til å utvikle ferdigheiter i det norske språket.
Overgangen frå barnehage til skule kan vere stor for mange barn – og foreldre. Ein tilrår kommunane å utarbeide eigne samarbeidsrutinar for denne overgangen, og barnehagane skal ha planar for overgang frå barnehage til skule i årsplanen. Dette kan foreldre få informasjon om i barnehagen eller hjå kommunen.
- Du vil kanskje også like:
- Foreldresamarbeid
- Informasjonsmateriell til foreldre
- Ressursar til foreldremøte og -samtaler