Buddhismen
Buddhismen oppstod i Nord-India for 2500 år sidan.
Religionen starta med ein mann som heitte Siddharta Gautama.
Buddha
Siddharta Gautama var ein prins. Han kom frå ein rik familie og levde eit godt liv i eit palass. Ein dag då ha var utanfor palasset fekk han sjå eit sjukt menneskje, eit gamalt menneskje, eit dødt menneskje og ein asket. Ein asket er eit menneskje som vel å leve eit enkelt liv. Det prinsen såg utanfor palasset gjorde at han bestemte seg for å flytte frå slottet, kona si og sitt nyfødde born. Han ville leve som ein asket. Asketane meiner dei kan verte klokare og forstå meir om dei lever enkle liv. Siddharta vitja fleire gonger asketar og lærte mykje av dei. Han fasta og mediterte mykje.
Meditere tyder at du sit heilt stille og prøvar å ikkje tenke på noko. Etter å ha levd som asket i 6 år synest fortsatt ikkje Siddharta at han fann nokre svar, han vart ikkje så mykje klokare. Då bestemte han at han ville setje seg under eit tre og ikkje reise seg att før han vart klokare. Etter fire dagar under treet forstod Siddharta plutseleg korleis verda var. «Eg har funne fridomen», tenkte han. No vart han ein buddha. Buddha er eit indisk ord som tyder «den som forstår».
Trua
Buddha var inga Gud, men eit klokt menneskje som forstod mykje. Buddha lærte folk om kvifor det er viktig å vere snill og ærleg i livet. Etter Buddhas død har hans lære levd vidare. Dette er læra me kjenner i dag som buddhismen. Denne lærdommen kallast òg dharma.
Buddhistane trur på atterføding. Ein buddhist meiner at du vert fødd på ny når du døyr. Det du gjer i dette livet bestemmer korleis det neste liver vert. Om du ikkje er god i dette livet, vil du få det vanskeleg i det neste livet ditt. Denne læra kallast karma.
Buddha fortalde menneskja at det er mange problem i verda, det er mykje liding og mange som ikkje har det så bra. Buddha fortalde òg att det er mogleg å gjere noko med all lidinga. Menneskja kan arbeide med å forstå meir, verte snillare, slutte å hate, ikkje tenkje på vonde ting, ikkje vere grådige og alltid ynskje seg meir. Klarar menneskja dette kan dei verte fri og få det godt. Denne fridomen kallar han nirvana. Nirvana er fullstendig frigjering frå liding og atterføding. Det er ein tilstand av lykke, harmoni, total fridom og ubeskriveleg klarleik.
Dei 4 edle sanningar
Buddhas lære kan oppsummerast i fire læresetningar. Desse handlar om kvifor det er mykje liding hjå menneskja og korleis dette kan endrast.
- Alt har noko vondt eller liding i seg.
- Det er liding fordi menneskja er grådige eller aldri vert nøgde. Menneskja vil alltid ha noko meir.
- Om menneskja sluttar å vere grådige og vil ha noko meir i livet sitt, vil det vonde og lidinga verte burte.
- Om eit mennskje ynskjer å få slutt på alt som gjer vondt, må menneskje følgje den 8-delte vegen.
Om me menneskje arbeider med å forstå meir, vil me ha eit betre liv og lidinga kan ta slutt.
Den 8-delte vegen
Buddha sa: Menneskja må forstå kva som er gale i liva deira før dei kan «reparere» livet sitt. Buddha sa òg at menneskja måtte følgje den 8- delte vegen for å komma til nirvana.
- Ha rett innsikt. Forstå dei 4 edle sanningane, lova om karma og atterføding.
- Ha rett tanke. Tenkje med kjærleik på andre menneskje, gje utan å tenkje på at du skal få noko tilbake.
- Ha rett tale. Snakke sant og ikkje baksnakke, lyge eller sladre.
- Gjere rett handling. Følgje dei fem levereglane i buddhismen:
- Å la vere å drepe.
- Å la vere å stele.
- Å avstå frå seksuell utroskap.
- Å la vere å lyge.
- Å avstå frå å beruse seg.
- Ha rett leve-veg. Å ha ein ærleg jobb, ikkje tene pengar på ein dårleg måte, til dømes å stele, drepe eller lure andre menneskje.
- Ha rett anstrengelse. Arbeide hardt og anstrenge seg for å verte eit betre og klokare menneskje.
- Ha rett oppmerksemd. Trene på å ikkje tenkje på andre ting når ein gjer noko, men tenkje på det ein gjer no.
- Ha rett konsentrasjon. Trene seg på å ha fred inne i hovudet og hjarta og verte sterk i hovudet og hjarta.
Tekstar og symbol
Det finst mange heilage skrifter eller tekstar i buddhismen. Tekstane handlar om Buddhas liv og om hans lære. Buddhas lære vart fyrst fortald munnleg frå lærar til elev, men etter kvart vart det nødvendig å skrive ned tekstane så læra ikkje skulle gå tapt.
I buddhistiske tempel er det gjerne store Buddha-statuar, og mange av desse er særs verdifulle kunstverk.
I mange tempel finnast det alter med buddhastatuar. Der føretakast ofte ritualet puja som er dyrking av Buddha i form av song, meditasjon og ofring av blomar og røykjelse.
Dei fleste buddhistar har ein Buddha-figur heime. Dei tenner gjerne ljos og set blomar framfor Buddha-figuren. Nokre buddhistar mediterar kvar dag.
Munkar og nonner
Munkar og nonner er buddhistiske spesialistar. Dei les mykje i dei heilage skriftene. Dei mediterar, og dei underviser i Buddhas lære. Dei har ikkje mange ting, berre det dei treng. Dei lever av mat og gåver dei får av folk.
Lær meir om Buddhismen
- Tekstane er utvikla av Veilederkorpset i Stavanger og etter avtale tilrettelagt, bearbeidd og oversett av morsmål.no
- Alle bilete er henta frå Adobe Stock