Hinduismen

Denne teksten finnes på flere språk. Tanken er at teksten skal være et supplement til andre læremidler og andre aktiviteter i opplæringen. Det er altså ikke meningen at disse ressursene skal stå alene, men at de kan brukes i innledning til arbeid med temaet.

Teksten kan, for eksempel, brukes sammen med tospråklig lærer for å aktivere elevenes kunnskaper om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

Hinduismen er ein av dei eldste religionane i verda. Ein som trur på hinduismen kallast hindu. Hinduismen er den tredje største religionen i verda.

En eldre mann i en robåt på elven Ganges ved byen Varanasi i India
Ein mann sit i sin robåt på elva Ganges ved byen Varanasi i India

Trua

Hinduar trur på at alt i universet heng saman og er styrt av bestemte lovar. Mennskje, dyr og planter har bestemte oppgåver, dette kallast dharma.

Hinduar trur at alt som vert fødd, døyr og vert fødd på ny. Dette kallast atterføding. Dette omtalast som samsara. Om du lever gode liv kan du unngå atterføding. Då vert du frigjort frå eit liv på jorda, og kan leve med gudane. Dette omtalast som moksha.

Gudar

I hinduismen er det fleire millionar gudar og mange ulike tradisjonar og historiar. Nokre gudar er spesielt viktige som til dømes gudane Brahma, Vishnu og Shiva. Brahma er guden som skapar verda og herskar over alt som er skapt. Vishnu er guden som passar på verda og kontrollerar menneskja sine skjebnar. Guden Shiva øydelegg alt liv, men er òg den som gjenskapar nytt liv. Sjølv om det finnast mange gudar, vil ein hindu seie at alle gudane eigentleg er ei utgåve av verdssjela Brahman. Det er ei kraft som finnast i alt som lever.

Illustrasjon som viser gudene Brahma, Shiva og Vishnu
Gudane Brahma, Shiva og Vishnu

Hinduistiske tempel

Templa er åndelege hus for hinduar. Korleis templa er utforma og pynta er ulik forskjellige stadar i verda, men gudebilete og statuar av gudane er vanleg overalt. Kvart hinduistiske tempel er bygd til ære for ein av gudane, men det kan ha statuar eller bilete av fleire gudar.

Bilde som viser Jain Bhandasar tempel i India.
Bilete av Jain Bhandasar tempel eller Laxmi Nath tempel i byen Bikaner i India.
Bildet viser et rom i det hinduistiske tempelet Jain Bhandasar som brukes til å tjene gudene.
Bilete visar eit rom i det hinduistiske tempelet Jain Bhandasar eller Laxmi Nath Temple i Bikaner. Midt i bilete er det eit alter med detaljar i gull og fargerike mønster. Dette rommet brukast til å tene gudane.

Heilage tekstar

Det finnast mange heilage tekstar i hinduismen. Dei fortel om kva som er rett og gale å gjere i livet, og om korleis hinduar skal utføre religionen sin. Mange av tekstane er over fleire tusen år gamle. Mange hinduar lyttar til dei heilage tekstane når dei vitjar tempelet. Då er det brahminane som les tekstane for dei. Ein brahmin er ein prest.

Puja

Puja tyder å tilbe Gud. Hinduane kan tilbe gudane i tempelet, i heimen ved eit husalter eller ute i friluft. Puja utførast framfor statuar eller bilete av gudane. Hinduane vaskar gudestatuane og set fram blomar, mat og mjølk. Ein tenner ljos, brenn røykelse, syng og ber.

Bildet viser hele familien som tilber guden Ganesha via statuen som de har hjemme.  De setter frem frukt og blomster.

Heile familien som tilber guden Ganesha via statua som dei har heime. Dei set fram frukt og blomar.

Kvardagsliv

Omtanke for alt som lever er viktig i hinduismen. Difor er ein viktig regel at ein ikkje skal skade det som lever. Kua er ansett som heilag. Kua gir mjølk som menneskje treng. Menneskje drikk morsmjølk når dei er babyar, men kumjølk heile livet. Hinduar ser på kua som ei mor for alle. Kua har mange viktige oppgåver, og difor har mange i hinduismen tett band til kuer og vil difor ikkje ete kjøt.

Hinduisme er ein måte å leve på. Det er kva ein gjer, og ikkje kva ein trur som er avgjerande. Å vise respekt er viktig, og til dømes er det viktig å ha respekt for dei som er eldre. Når born møter eldre menneskje eller familiemedlemmar viser dei respekt ved å halde håndflatene saman og helse. Tilbake får borna velsigning.

Bildet viser en hinduistisk dekorert hellig ku. Kua har hodepryd og malte mønstre på hele kroppen.
Ein hinduistisk dekorert heilag ku. Kua har hodepryd og måla mønster på heile kroppen.

Hinduanes høgtider og ritual

Hinduar har fleire ulike høgtider. Kor mange høgtider som finnast er vanskeleg å talfeste. Det finnast små høgtider som vert feira forskjellige stadar og støre høgtider som vert markera i heile den hinduistiske verda. Høgtidene kan handle om mytologiske og daglegdagse hendingar eller båe delar. Divali og holi er to høgtider som finnast i hinduismen. Divali er ein ljosfest. Ljoset hjelper gudane å ljose bort mørkret og det gode skal vinne over det onde. Holi er ein fargefest. Holi markerar starten på våren og alle fargane skal symbolisere ynskje om eit friskt år med eit mangfald av fargerike plantar.

Overgangsrituale er viktige i hinduismen. Seremoniar eller ulike handlingar markerar hinduanes overgang frå eit livsstadium til eit anna som til dømes å inngå ekteskap eller overgangen frå born til ungdom. Ein annan overgang markerast i det heilage snor-ritualet. I dette ritualet får gutteborn ein raud tråd rundt håndleddet. Dei ynskjast velkomen inn i religionen og er då klare for å lære dei heilage tekstane. Høgtider og ritualar feirast og markerast forskjellig i ulike land og område og frå person til person.

Bildet som viser gutt med  en rød tråd rundt håndleddet
I det heilage snor-ritualet får gutteborn ein raud tråd rundt håndleddet.

Heilage stadar for hinduar

Det bur mange hinduar i India. Difor er mange stadar i India heilage for hinduar. Hinduar trur at det gjev frelse å vere på heilage stadar. Elva Ganges og fjellkjeda Himalaya reknast som gudommelege. Hinduar trur at guden Shiva er knytt til Himalaya og til elva Ganges. Å bade i Ganges er ei rituell handling. Det er rensande og frelsande. Mange reiser til Ganges og den heilage byen Varanasi som pilegrimar for å utføre ritual.

Bilde av fjellkjeden Himalya. Hvitkledde fjelltopper og skyer i varme farger
Bilete visar Himalayafjella som er ein heilag stad for hinduar. Hinduane trur at guden Shiva er knyt til fjella.

Lær meir om hinduismen