Kva er FN?

Denne teksten finnes på flere språk. Tanken er at teksten skal være et supplement til andre læremidler og andre aktiviteter i opplæringen. Det er altså ikke meningen at disse ressursene skal stå alene, men at de kan brukes i innledning til arbeid med temaet.

Teksten kan, for eksempel, brukes sammen med tospråklig lærer for å aktivere elevenes kunnskaper om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

FN er det norske namnet på den internasjonale organisasjonen UN. UN er forkorting for United Nations, og FN er forkorting for Dei forente nasjonar. FN arbeidar for fred, rettferd og samarbeid mellom land i heile verda. FN vart starta i 1945, rett etter andre verdskrig. Målet var å hindre at det skulle verte fleire store krigar.

Nesten alle land i verda er medlem i FN. Dei har avtalt at dei skal samarbeide for å løyse problem, som til dømes krig, fatigdom, sjukdom og klimaendringar. Avtala kallast FN-pakta.

FN sin logo har fem sirklar og eit kvitt verdskart. Kring kartet er det to olivengreiner. Olivengreinene er symbol på at FN har som mål å bevare fred og skape tryggleik i verda.

Den internasjonale FN-dagen feirast kvart år 24. oktober.

Kva gjer FN?

FN har mange viktige oppgåver. Nedanfor kan du lese om nokre av dei.

Fred og tryggleik

FN arbeidar for ei tryggare verd. Nokre gonger oppstår det konflikt mellom land. Då kan FN hjelpe til med å finne fredelege løysingar. Viss det likevel vert krig, kan FN sende soldatar for å beskytte folk. Dei kan òg hjelpe med å byggje samfunn opp att etter ein krig.

Nødhjelp

FN hjelper menneske som lever i område med krig, naturkatastrofer eller fatigdom. Dei kan gje mat, vatn, medisin og ein stad å sove. Nokre gonger hjelper FN menneske som må flykte.

Menneskerettane

FN arbeidar for at alle menneske i verda skal verte behandla rettferdig og med respekt. FN har laga ei liste som seier kva alle menneske har rett til. Lista kallast FNs verdserklæring om menneskerettar. Menneskerettane handlar om retten til å leve i tryggleik, gå på skule, ytre si meining og bli behandla likt uansett kven ein er. Alle landa i FN må følgje menneskerettane.

Barnekonvensjonen

Barn treng ekstra beskyttelse og har difor fleire rettar. Desse rettane kallast FNs barnekonvensjon. Den handlar om at alle barn har rett til å bli tatt vare på, vere trygg og ha eit godt liv. FN passar på at alle land følgjer reglane i konvensjonen, slik at barn får det bra uansett kvar dei bur.

FNs berekraftsmål

Berekraftsmåla er ei liste med 17 mål som skal gjere verda betre for både menneske og natur. Måla handlar om å stoppe fatigdom, og sørge for at alle får gå på skule. Dei handlar òg om å stoppe global oppvarming, og om at vi tar vare på dyr, planter og jordkloden.

FNs generalforsamling

Generalforsamlinga si viktigaste oppgåve er å diskutere korleis verdas største utfordringar skal løysast. I generalforsamlinga sit representantar frå alle landa som er medlemmar. Kvart land får ytre si meining og stemme på forslag til løysingar. Generalforsamlinga samlast kvar haust i FN-bygninga. FN-bygninga ligg i New York i USA.

Kvifor er FN viktig?

FN er ein viktig organisasjon fordi nesten alle land i verda samarbeider for å gjere verda betre. FN jobbar for å skape fred, stoppe krigar, hjelpe folk som er fattige eller på flukt, og beskytte naturen og miljøet vårt. Dei passar òg på at alle menneske, spesielt barn, har rettar og blir behandla rettferdig.

Lær meir om tema