Demokrati og diktatur

Denne teksten finnes på flere språk. Tanken er at teksten skal være et supplement til andre læremidler og andre aktiviteter i opplæringen. Det er altså ikke meningen at disse ressursene skal stå alene, men at de kan brukes i innledning til arbeid med temaet.

Teksten kan, for eksempel, brukes sammen med tospråklig lærer for å aktivere elevenes kunnskaper om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

Demokrati – Bestemme saman

Demokrati, også kalla folkestyre, er namnet på ei styreform der folket har moglegheita til å ta del i viktige avgjerder. Moglegheita til å påverke får folket gjennom å stemme ved val. Demokrati skil seg frå andre styreformer som diktatur, der ein person styrer. Styreforma i Noreg blir kalla demokrati. Det vil seie at alle som bur i Noreg, skal få vere med og bestemme korleis samfunnet skal vere. Barn og unge skal få seie si meining og bli høyrde i saker som gjeld dei.

Demokrati er eit ord som er sett saman av dei to greske orda “demos”, som tyder folk, og “kratos”, som tyder herskar eller styre. Tanken om folkestyre oppstod i Aten for omtrent 2500 år sidan. I Noreg har vi ulike politiske parti som har ulike meiningar om korleis samfunnet bør vere. Når det er stortingsval, kan alle vaksne norske borgarar over 18 år stemme på det partiet dei er mest einig med.

Tegning av mange mennesker som står i kø for å stemme ved valg

Ytringsfridom

I eit demokrati er det ytringsfridom. Det vil seie at alle kan seie eller skrive det dei meiner, utan å bli straffa for det. Frå vi er små, lærer vi å uttrykke tankar, kjensler og meiningar. Samtidig er det viktig at vi lærer å respektere at andre kan ha meiningar som er forskjellige frå våre. Etter kvart som du veks til, skal meiningane dine i stadig større grad bli tatt omsyn til.

Demokrati – frie medium

I eit demokrati blir massemedia brukte til å formidle ulike meiningar. Dei politiske partia i Noreg bruker ulike medium for å nå fram til folk, særleg før det skal vere val. Vi kan følgje med på TV, i aviser, i radio og på Internett når politikarar diskuterer korleis dei vil at samfunnet skal vere.

Illustrasjon som viser journalister og fotografer under intervju med forretninsgmann

Diktatur – nokre få bestemmer

Nokre land har ei styreform som blir kalla diktatur. I eit diktatur er det berre ein eller nokre få som har makt til å bestemme korleis landet skal styrast. Det er ikkje lov til å vere ueinig med dei som styrer landet. Folk som seier eller skriv noko som myndigheitene ikkje liker, kan bli forfølgde og fengsla. Nokre blir også drepne på grunn av meiningane sine.

Det er vanleg å omtale ulike typar diktatur alt etter kor mange (eller kven) dei styrande er og kor fullstendig fråværet av fridom er:

  • Er makta konsentrert hos éin diktator, talar ein om einmannsdiktatur, eller einevelde, til dømes Adolf Hitler i Tyskland, Josef Stalin i Sovjetunionen og Francisco Franco i Spania.
  • Er makta konsentrert hos fleire, kan ein tale om eit kollegialt diktatur eller eit fåmannsvelde (oligarki), som i mange land der ein militærjunta eller berre eitt parti styrer.

Diktatur – berre ei stemme skal høyrast

I land med diktatur eig eller kontrollerer myndigheitene massemedia. Aviser, radio og TV får berre fortelje det myndigheitene vil at folk skal høyre. Det er ikkje lov til å seie eller skrive det ein meiner. Myndigheitene sin kontroll over det folk seier og skriv, blir kalla sensur.

Det er mulig å skrive ut eller bruke innhold fra dette innlegget på flere måter.

Legg merke til at innhold kan være ulikt lisensiert.

Regler for bruk av teksten 

Denne teksten har lisensen CC BY-NC 4.0. Denne lisensen gir deg rett til å dele og bruke dette innholdet på visse vilkår:

  • Du må alltid oppgi hvem som har laget innholdet.
  • Du kan bare dele innholdet med samme lisens som det opprinnelige innholdet.
  • Du kan ikke benytte materialet til kommersielle formål.

Regler for bruk av bilder i teksten

Bildene i denne teksten kan ha ulike linsenser. Les mer om hvert bilde.

  1. Tegning av mange mennesker som står i kø for å stemme ved valgAdobeStock_707298019-1024x461.jpeg — Illustrasjon: oksaoksaoksa stock.adobe.com

  2. Illustrasjon som viser journalister og fotografer under intervju med forretninsgmannAdobeStock_512856666-1024x512.jpeg — illustrasjon: LadadikArt stock.adobe.com

Regler for bruk av lydfiler i innlegget

Denne teksten har lisensen CC BY-NC 4.0. Denne lisensen gir deg rett til å dele og bruke dette innholdet på visse vilkår:

  • Du må alltid oppgi hvem som har laget innholdet.
  • Du kan bare dele innholdet med samme lisens som det opprinnelige innholdet.
  • Du kan ikke benytte materialet til kommersielle formål.