Kjærleik og seksualitet

Denne teksten om Kjærleik og seksualitet finst på fleire språk. Teksten er henta frå Zmekk.no og omsett til fleire språk av morsmål.no etter avtale med Bergen kommune. Tanken er at teksten skal vere eit supplement til andre læremiddel og andre aktivitetar i opplæringa. Det er altså ikkje meininga at desse ressursane skal stå åleine, men at dei kan brukast i innleiing til arbeid med temaet.

Teksten kan, til dømes, brukast saman med tospråkleg lærar for å aktivere elevane sine kunnskapar om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

Bla nedover for å finne flere ressursar.

Kjærleik er å vere glad i nokon. Dei fleste har nokon dei er glade i. Det kan vere foreldre, sysken eller vener. Det finst òg noko som kallast romantisk kjærleik, som ein følar for ein kjærast eller ei ektefelle.

illustrasjon av en dame og en mann som ser på hverandre og smiler. det er et hjerte i mellom dem.
Kjærleik er å vere glad i nokon.

Synet på romantisk kjærleik varierar mellom ulike land og kulturar. Det er mellom anna store skilnadar på korleis par finn kvarandre. Nokre stadar er det foreldra som finn ektefeller for borna. Det kallast arrangert ekteskap.

Nokon foreldre gir borna fleire alternativ til kven dei kan gifte seg med, og så får borna velje sjølve kven dei likar best. Andre stadar bestemmer foreldra utan at borna vert spurde. Det er ulovleg å tvinge nokon til å gifte seg i Noreg, men det er lov å kome med forslag om borna ynskjer det.

illustrasjon av en jente som ser på tre menn
Det er ulovleg å tvinge nokon til å gifte seg i Noreg.

I Noreg er det vanleg at ein finn den ein vil gifte seg med sjølv. Det er òg vanleg å ha fleire kjærastar før ein bestemmer seg for å gifte seg. Dei fleste flyt saman før dei giftar seg. Det kallast å vere sambuarar. Ein fjerdedel av dei som er sambuarar i Noreg gifter seg aldri, men lever saman og har ofte born.

illustrasjon av et par. mannen holder en barnevogn, damen holder en jobbkoffert.
Ein fjerdedel av dei som er sambuarar i Noreg giftar seg aldri, men lever saman og har ofte born.

Når ein gut og ei jente forelskar seg i kvarandre kallar me det heterofili. Når to menenskje av same kjønn forelskar seg kallast det homofili.

I nokre land er det å vere homofil ulovleg og homofile kan verte straffa eller til og med drepne om dei lever som homofil. Innanfor nokre religionar seier ein at homofili er feil.

I Noreg kan ein leve saman med kven ein vil. Det er ulovleg å diskriminere homofile, og homofile kan til dømes gifte seg på lik linje som heterofile.

illustrasjon av tre par som holder hodene sine mot hverandre. ett par er to jenter, ett par er to gutter og et par er en gutt og en jente
I Noreg kan ein leve saman med kven ein vil.

Sex er ein naturleg del av eit romantisk forhald. Det er noko fint og personleg som to menneskje kan dele. Men sjølv om du er i eit forhald bestemmer du alltid over seksualiteten din sjølv. Det tyder at du bestemmer om du vil ha seksuelle opplevingar og kven du vil ha dei med. Ingen andre, korkje foreldre, ektefeller eller kjærastar har lov til å bestemme over din seksualitet.

illustrasjon: en jente med et strengt utrykk i ansiktet holder et "stopp"symbol foran kroppen
Du bestemmer om du vil ha seksuelle opplevingar og kven du vil ha dei med.

Seksuell omgang som du ikkje har sagt ja til kallast valdtekt. Det er ulovleg i Noreg og kan straffast med fengsel. Det er heller ikkje lov til å ta på eller beføle andre utan at du har gitt dei lov til det. Om du er i tvil om det er greit å ta på eller kose med nokon kan du rett og slett spørje.

illustrasjon av norges lover, en bok

Ordliste

Arrangert ekteskap – Familien vel ektefelle til borna
Sambuar – Å bu saman utan å vere gift
Heteroseksuell – Å forelske seg i nokon av det motsette kjønn
Homoseksuell – Å forelske seg i nokon av same kjønn
Valdtekt – Tvinga seksuell kontakt

Tekst og bilete er gjengjeve og oversett med løyve frå Bergen kommune og zmekk.no