Korleis oppstår jordskjelv?

Denne teksten om korleis jordskjelv oppstår finst på fleire språk. Tanken er at teksten skal vere eit supplement til andre læremiddel og andre aktivitetar i opplæringa. Det er altså ikkje meininga at desse ressursane skal stå ålene, men at dei kan brukast i innleiinga til arbeid med temaet.

Teksten kan, til dømes, brukast saman med tospråkleg lærar for å aktivere elevane sine kunnskapar om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

Bla nedover for å finne fleire ressursar

Jordskorpa er delt inn i sju store og fleire mindre plater. Desse platene rører seg i forhold til kvarandre. Platene rører seg veldig sakte, berre nokre få centimeter i året. Desse rørslene blir kalla platedrift. Platene kan røre seg vekk frå kvarandre, inn mot kvarandre eller sidelengs i forhold til kvarandre.

Jordskjelv på land 

Nokre gongar skjer det at plater som rører seg sidevegs i forhold til kvarandre set seg fast i kvarandre. Då vil dei bli liggjande og presse mot kvarandre. Når presset aukar, samlar det seg opp mykje energi. Til slutt klarar platene plutseleg å kome laus, og då blir energien frigjord. Noko av energien blir overført til varme og noko blir til bølgjer som rører jordplatene. Når desse bølgjene er kraftige, kan ein merke at jorda ristar. Det er dette vi kallar jordskjelv.

Jordskjelv oppstår ofte i grensene mellom jordplatene. Det punktet nede i jordskorpa der jordskjelvet blir utløyst, kallar ein hyposenter eller fokus. Episenteret til jordskjelvet er det punktet på jordoverflata som ligg rett over hyposenteret.

Illustrasjonen som viser hyposenteret og episenteret til jordskjelvet er utvikla av NORSAR og gjengitt med løyve.

Ein seismograf kan brukast for å måle kor mykje energi som blir frigjord. Ved å samanlikne informasjon frå fleire seismografar, er det mogleg å rekne ut storleiken på jordskjelvet og kor det starta, altså kor hyposenteret er. Richters skala kan brukast for å beskrive kor stort eit jordskjelv er. Skalaen går frå 1-10, og viss jordskjelvet er kraftigare enn 6, kan det føre til store skadar. Det er nesten umogleg å varsle eit jordskjelv før det skjer, og derfor er det vanskeleg for folk som opplever jordskjelv å kome seg til ein trygg stad.

Filmar som forklarar jordskjelv

Ein film på engelsk som visualiserer korleis jordskjelv oppstår. Tips: Skru av lyden for å sjølv forklare elevane kva som skjer.
Ein film som viser korleis jordskjelv kan oppstå og korleis vi kan måle styrken på jordskjelv.
Ein film som viser korleis vi kan måle og registrere rørsler i bakken ved hjelp av seismografar og anna utstyr.