FN – ein møteplass for fred
FN vart oppretta i 1945, like etter andre verdskrigen. Håpet var at ein internasjonal organisasjon kunne vere eit reiskap for å hindre framtidige krigar og jobbe for varig fred. 51 land gjekk inn for ei avtale som kallast FN-pakta. FN-pakta trådte offisielt i kraft den 24. oktober 1945, difor er FN-dagen den 24. oktober. I dag er dei aller fleste land i verda medlem av FN.


Generalsekretæren
FN leiast av ein generalsekretær. Generalsekretæren vert utnemnd av Generalforsamlinga for fem år om gongen. Generalsekretæren har øvste ansvar for å leie det daglege arbeidet i FN. Ein annan viktig oppgåve er å arbeide politisk for å hindre at konfliktar oppstår, utviklar seg eller spreiar seg. Generalsekretæren skal òg ta opp problem som kan truge verdsfreden med Sikkerheitsrådet.
FNs arbeid
FN er ein stor organisasjon som består av ei rekkje avdelingar som har ansvar for ulike område som FN arbeidar med. FNs arbeid kan delast inn i dei tre kjerneområda fred og sikkerheit, menneskerettane og berekraftig utvikling.
Fred og sikkerheit
Det er FNs sikkerheitsråd som har hovudansvar for arbeidet med fred og sikkerheit. Sikkerheitsrådets hovudansvar er å bevare fred og sikkerheit i verda. Om freden er truga, vil Sikkerheitsrådet vanlegvis oppmode partane til å finne ei fredeleg løysing ved å mellom anna ta initiativ til mekling. Sikkerheitsrådet kan òg tvinge avgjerdsler igjennom ved mellom anna å beordre økonomiske sanksjonar eller iverksette militær innsats. Eit døme på militær innsats er FNs fredsbevarande styrkar. Styrkane består av militært personell som er utlånt frå ulike medlemsland.
Sikkerheitsrådet består av representantar frå 15 av medlemslanda. Fem av landa er faste medlem, dei andre vert valt for to år om gongen. USA, Storbritannia, Frankrike, Russland og Kina er faste medlem. I FN er det kun Sikkerheitsrådet som kan nytte militær makt, og alle medlemsland har plikt til å følgje Sikkerheitsrådet sine avgjerdsler.
Menneskerettane
Andre kjerneområde FN har er arbeid for å sikre alle menneskers grunnleggjande rettigheiter. Allereie i 1948 vart «FNs verdserklæring om menneskerettar», òg kalla Menneskerettserklæringa, vedtatt. Alle medlemslanda er forplikta til å sikre at menneskerettane vert overhaldt.
FN held oversikt over menneskerettssituasjonen i verda og sørgjer for at medlemslanda møtast for å bevare og styrke menneskerettane.
Berekraftig utvikling
Det tredje kjerneområdet er berekraftig utvikling. Dette arbeidet er oppsummert i FNs Berekraftsmål. Det er 17 mål for mellom anna å stoppe klimaendringar, utrydde fattigdom og svolt og sikre likestilling og god utdanning. Målsetnaden er at berekraftsmåla skal vere nådd innan 2030.
Generalforsamlinga
Generalforsamlinga møtast i sesjonar kvart år. Ein sesjon i FNs generalforsamling varer vanlegvis frå september til desember. Generalforsamlinga består av representantar for alle medlemeslanda og har som hovudoppgåve å kome med anbefalingar til medlemslanda om spørsmål som gjeld internasjonalt samarbeid, fred og sikkerheit, utvikling og menneskerettar. Desse anbefalingane kallast resolusjonar. Ein FN-resolusjon har stor tyding. Sjølv om ein resolusjon kun er ei anbefaling til medlemslanda, er den å sjå på som den internasjonale offentlege meining. Det krevst to tredels fleirtal for at ein resolusjon i Generalforsamlinga skal bli vedteken. Kvart av medlemslanda har éi stemme, og kvar stemme tel likt.
Nokre FN-organisasjonar
FN består av ei rekkje ulike organisasjonar, fond og program som utfører FNs arbeid. Nokre av desse er:

UNICEF – FNs barnefond. Dei jobbar for å hjelpe barn i heile verda. UNICEFs styrande dokument heiter FNs barnekonvensjon. Barnekonvensjonen slår fast at barn har krav på særskild vern.

UNESCO – FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Ved å samarbeide om desse fagområda, skal UNESCO bidra til fred og sikkerheit. Dei ynskjer å informere, inspirere og engasjere menneska til å fremje forståing, og respekt for kvarandre og planeten vår.

WHO – Verdas helseorganisasjon. Dei arbeidar for at alle menneske skal ha den beste helsetilstanden som er mogleg å oppnå. WHO sin jobb er å følgje med på, undersøkje og gje folk påliteleg informasjon om helse og sjukdommar. Til dømes er WHO ein pådrivar for at det skal utviklast vaksiner mot farlege sjukdommar.

UNHCR – FNs høgkommissær for menneskerettar. Dei har ansvar for å fremje og verne om alle menneskerettane og fridomane som er fastsett i FNs verdserklæring om menneskerettar.
Dette var nokre døme som viser ein del av den jobben FN gjer. Det er stor einigheit i verda om at FN er den viktigaste møteplassen der alle medlemslanda kan snakke saman for å bli einige om kva for reglar som skal gjelde i internasjonal politikk.
Arbeid med ord frå teksten

Arbeidsoppgåva inneheld sentrale ord i den norske teksten.
- Oversett orda ved hjelp av LEXIN.
- I høgre kolonne er ordet brukt i ein setning som finns i teksten. Oversett eller forklar kva setningen betyr.
Kilder
- Fn-sambandet, https://fn.no/
- NDLA, FN – en verdensorganisasjon for fred – Samfunnskunnskap – NDLA