Fornybare energikjelde

Denne teksten om Fornybare energikjelder finst på fleire språk. Tanken er at teksten skal vere eit supplement til andre læremiddel og andre aktivitetar i opplæringa. Det er altså ikkje meininga at desse ressursane skal stå åleine, men at dei kan brukast i innleiande arbeid med temaet. 

Teksten kan, for eksempel, brukast saman med tospråkleg lærar for å aktivere elevane sine kunnskapar om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk. 

Scroll nedover for å finne fleire ressursar 

I kvardagen vår brukar vi mykje straum. Denne straumen får vi frå ulike energikjelder. Det finst to typar energikjelder: fornybare energikjelder og ikkje-fornybare energikjelder. I denne teksten skal vi sjå på fornybare energikjelder. 

Bilde av lyspærer som lyser.
Bilde: Adobe Stock
Bilde av en ledning. I bakgrunnen er det en bil.
Bilde: Adobe Stock

At ei energikjelde er fornybar, betyr at vi ikkje kan bruke ho opp. Ny energi blir laga heile tida gjennom prosessar i naturen som går av seg sjølv. Eksempel på denne typen energikjelder er vassenergi, vindenergi og solenergi. Alle desse tre energikjeldene får energien sin frå sola. Sola gir energi til dei tre energikjeldene på litt forskjellige måtar. 

Bilde av noe lyst på en himmel.
Bilde: Adobe Stock

Vasskraft 

Vassenergi er energi som kjem frå rennande vatn. I Noreg har vi mykje rennande vatn i fossar og elver, og dette kan vi utnytte for å produsere energi. Det er sola som gjer at vatnet på jorda begynner å bevege på seg. Sola varmar opp vatnet slik at det fordampar. Deretter blir vatnet lagra i skyer, som til slutt regnar tilbake ned på jorda. På jorda renn vatnet i elver og fossar ut til havet. 

Foto: Adobe Stock

Vindkraft

Sola varmar òg opp lufta som gjer at den beveger på seg. Dette kjenner vi som vind. Det at lufta beveger på seg, kan vi bruke til å produsere energi. Vi kan utnytte denne energien ved å setje opp vindmøller. Vindmøller er ikkje ei ny oppfinning, men har blitt brukt lenge, blant anna til å male korn og lage mel. 

Bilde av flere vindmøller. I bakgrunnen ser man skog og fjell.
Bilde: Adobe Stock

Solenergi

Energien få sola kan blant annet brukast til å varme opp både vatn og husa vi bur i. Energien frå sola kan òg brukast til å lage elektrisitet ved bruk av det vi kallar solceller. 

Bilde av solcellepanel som står på skrå på et gress.
Bilde: Adobe Stock
Bilde av solcellepanel på et hustak.
Bilde: Adobe Stock
Oppgaver til filmen – nynorsk