Kle borna i vinterkulda

Det er best å kle borna i tre lag med klede for å halde dei varme og tørre. Kvart lag, frå innerst til ytterst, har ein bestemt funksjon. Til saman skal desse laga halde kroppen tørr, isolere og beskytte mot vind og sno.

Illustrasjon av ei jente med ullundertøy

Innerste lag

Det innerste laget skal bidra til at kroppen held seg tørr.

Bruk ullundertøy eller superundertøy som er tynt og tettsittande, direkte på huda. Ull leiar mykje fuktigheit vekk frå huda og isolerar sjølv om det er vått. Superundertøy leiar meir fuktigheit enn ull, men isolerar ikkje når det er vått. Unngå å bruke bomull innerst, då det vert vått og mistar evna til å halde på varmen.

Illustrasjon av ei jente med ullegenser og bukse

Mellomste lag

Det mellomste laget skal fyrst og fremst isolere mot kulda.

Det er lufta mellom det innerste og ytterste laget som held på varmen. Difor skal kleda i det mellomste laget sitte litt lausare på kroppen, men ikkje vere for store. Ull eller fleece er anbefalt. Tilpass tjukkleiken etter temperaturen.

Bruk ullsokkar slik at føtane held seg tørre og varme.

illustrasjoon som viser jente i en gul vinter dress med blå lue og blåe votter. Hun har også på brune vintersko

Ytterste lag

Det ytterste laget skal beskytte mot regn, vind og sno.

Du kan velje mellom ein heildress eller jakke og bukse. Ei ytterbukse eller heildress bør ha stroppar som kan festast under skoa for å unngå at dei glir opp og for å hindre at sno og vatn trenger inn.

Ei lue som held godt på varmen er viktig for å halde kroppen varm, fordi mykje varmetap skjer gjennom hovudet. Pass på at lua sit tett rundt øyra og dekker panne, kinn og nakke. Du kan òg bruke skjerf eller ein hals for å beskytte halsen.

Bruk varme og vanntette vottar og syt for at dei sit godt slik at det ikkje kjem inn vatn eller sno. Born må kunne røre på tærne sine for å halde føtane varme. Då er det viktig at det er plass nok i skoa, òg med tjukke ullsokkar på.

Hugs:

  • Om det blæs kjennast det kaldare.
  • Små born frys lettare enn vaksne.
  • Temperaturen er lågare nærare bakken.
  • Følg med på bornet og kjenn etter i nakken om bornet er passeleg varm

Denne sida er òg utskriftsvenleg. Trykk på «skriv ut» knappen øvst i innlegget.

Les meir om klede og påkledning i vinterkulda på fleire språk her

Les meir om klede og påkledning på fleire språk ved å scanne QR-koden

morsmal.no

Vil du ha ein brosjyre om vinterklede på mange språk?

Vinterklede

Vinterklede

Ressursen Om vinterklede på fleire språk kan hjelpe personalet og gi føresette viktig informasjon om klede.