Lucia

13. desember blir Luciadagen markert. I Noreg er denne dagen knytt til to historier: historia om den skumle Lussi og om heilage Lucia.

Den skumle Lussi

Før i tida trudde folk at natta mellom 12. og 13. desember var den lengste natta i året. Mange kalla denne natta Lussi langnatt elller lussinatt. No veit vi at den lengste natta i året i nord faktisk fell rundt 21. desember.

Folk trudde at Lussi langnatt var magisk. Ein trudde blant anna at dyr kunne snakke med kvarandre denne natta. Det blei fortalt om Lussi, som var ein magisk og mørk figur. Lussi langnatt var starten på juleperioden, og det blei fortalt at Lussi følgde med på at alle var i rute med førebuingane til jul. Viss du var ute på Lussi langnatt, kunne Lussi ta deg med, og viss oppgåvene ikkje blei gjorde, kunne ho kome og hente deg. Det gjorde at folk heldt seg innandørs og at arbeidet til jul blei sett i gang. Ei av oppgåvene var baking. Deigen blei tilsett safran eller gurkemeie slik at bollane blei gule. Gulfargen skulle minne om lysa som blei tente på denne mørke natta. Den gule fargen skulle òg minne om dagslyset som alle gledde seg til, no som dagane skulle bli lengre igjen. I dag blir det framleis baka bollar med safran eller gurkemeie oppi til luciadagen. Desse bollane blir pynta med rosiner og blir kalla «lussekattar».

Maleriet «Julereia» (1922) av Nils Bergslien viser et følge av underjordiske, vetter, nisser, trollkjerringer, drukkenbolter, drapsmenn og annet pakk gjennom et norsk gårdstun julenatta.
Maleriet «Julereia» (1922) av Nils Bergslien viser et følge av underjordiske, vetter, nisser, trollkjerringer gjennom et norsk gårdstun julenatta. Nils Bergslien [Public domain or Public domain], via Wikimedia Commons

Oppgåver til teksten om Lussi

  1. Forklar kva Lussi langnatt er.  
  2. Fortel kven Lussi er. 
  3. Kvifor var folk redde for Lussi? 
  4. Teikn korleis du trur Lussi ser ut. 
  5. Når er den lengste natta i Norden?
  6. Kva heiter bollane som folk bakar til Lucia?
  7. Kva symboliserer fargen til bolledeigen?

Sankta Lucia  

Luciadagen er den 13. desember og blir markert til minne om Heilage Lucia eller Sankta Lucia. Namnet Lucia kjem frå det latinske ordet «lux», som betyr lys.

Lucia levde rundt 300-talet og trudde på Jesus Kristus. På denne tida blei kristne forfølgde av romarane. Lucia blei lovd bort bort til ein rik romersk heidning, men ho nekta giftarmålet sidan han ikkje var kristen. Ho blei derfor straffa av romarane og døydde martyrdøden. Etter kvart blei ho ein kristen helgen. Folk som var kristne måtte leve i skjul. Nokre gøymde seg i mørke underjordiske tunellar. Dei festa stearinlys til hovudet for å lyse opp vegen. Kristne tenker på Lucia som jenta (helgenen) som viste vegen til trua i det som var ei mørk tid.

Luciadagen blir ofte markert i norske skular og barnehagar. Barna går i luciatog og har på seg kvite klede. Det er vanleg at eitt barn blir valt til å vere Lucia i luciatoget. Lucia får ein krans med lys på hovudet og går først i toget. Dei andre barna følgjer etter og ber lys eller stjerner i hendene. Foreldra blir ofte inviterte til å sjå på luciatoget. Etterpå et dei lussekattar saman med barna.

Barn som bærer lys og som går luciatog.
Illustrasjon: AdobeStock

Luciasong

Song om lys og mørke i høve Luciadagen

Video som viser Luciatog

Luciatog med luciasong på svensk sungen av skulebarn

Oppgåver til teksten om Sankta Lucia

  1. Fortel oss kva som blir feira 13. desember. 
  2. Kven er det som minnest på luciadagen? 
  3. Korleis blir denne dagen markert i Noreg? 
  4. Kva betyr namnet Lucia? 
  5. Kjenner du til andre dagar der ein minnest ein person som har levd? 
Picture: Adobe Stock