Matematikkomgrep på fleire språk. 

Hefta med matematikkomgrep er laga for å vere til hjelp med å forstå innhaldet i matematikkundervisinga, uavhengig av språk. Hefta kan brukast av læraren for å forklare sentrale ord på eleven sitt morsmål, av tospråklege lærarar, av elevane sjølve og av foreldre som ønskjer å hjelpe til. Hefta er lagde ut i PDF-format og kan skrivast ut og brukast i undervisinga og i leksearbeid.  Dokumenta er ikkje universelt utforma.  

Hefta er laga med utgangspunkt i den svenske ressursen som heiter mattebegrep. Dei svenske matteomgrepa har blitt omarbeidde til ein norsk versjon, og matematikksenteret har hatt ei sentral rolle med å endre, kvalitetssikre og tilpasse innhaldet etter norske forhold. Språkredaksjonen til Morsmål har deretter omsett. Hefta med matteomgrep har òg blitt kvalitetssikra av andre som kan begge språka.