Id al-adha

Id al-adha er feiring for muslimar i heile verda. Feiringa kallast òg den store id eller for offerfesten. Id-feiringa markerar slutten på pilgrimsferda Hajj til Mekka. Datoen endrar seg frå år til år. Mekke er ein by i Saudi-Arabia og den heilagste staden i Islam.

Hajj, pilegrimsreisa til Mekka er ein av fem prinsipp islam er bygd på. Muslimar som har moglegheit for det skal reise på pilegrimsreisa ein gong i løpet av livet. Kvart år reiser mellom tre-fire millionar muslimar til Mekka.

Ein aktivitet muslimar gjer når dei er på Hajj er å gå sju rundar rundt kaba. Kaba er ein heilag stein, for i følgje islam vart steinen bringa til jorda av engelen Gabriel.

På festen id al-adha et ofte muslimar eit festmåltid med kjøt frå geit, sau eller ku. Dei skal hugse på profeten Abraham som var viljug til å ofre sin son for å vise lydnad ovanfor Gud.

Når det er id al-adha pyntar muslimar seg med fine klede. Dei et god mat saman med familie og vener. Mange ber og gjev kvarandre id-kort eller gåver. På id al-adha ynskjast «id mubarak» som tyder god id.

Finn ut meir om Islam