Id al-fitr
Id al-fitr vert ofte berre kalla id. Det feirast at den årlege fasteperioda er over. Fastemånaden heiter Ramadan og alle vaksne muslimar som kan fastar. Dei som fastar et ikkje mat frå sola står opp til sola går ned. I Ramadan er det viktig å tenkje på korleis ein kan vere snille og gode med kvarandre. På Id takkast Gud for at han ga styrke til å gjennomføre fasta. Feiringa startar med ein rituell fellesbøn i moskeen.




På Id er det vanleg å vere saman med familie og vener. Id-feiringa er bornas dag. Borna får ofte gåver eller pengar av familien. Gåvene kallast idi. Det er vanleg å pynte seg med fine klede. Mange pyntar hendane med henna.


Før Id-feiringa er det vanleg at dei som har moglegheit til det betalar ei fasteavgift som kallast zakat al-fitr. Pengane skal gjevast til dei som treng det slik at dei kan kjøpe festmat, gåver eller nye klede til den store feiringa.
Mat er ein viktig del av id-feiringa. Familie og vener samlast til festmåltid kor det serverast god mat og søtsaker. Maten på bordet er ulik frå familie til familie.




Det er vanleg å helse kvarandre «Id mubarak» som tyder at du ynskjer god feiring. Mange gjev eller sender kvarandre Id-kort.


Biletkort: Id al-adha
Biletkort med tema Id al-adha. Skriv ut biletkorta og slepp kreativiteten laus.

Id al-adha
Ein kort lesetekst med tilhøyrande bilete og lyd om den islamske feiringa Id al-adha.

Biletkort: Id-al fitr
Biletkort med tema Id al-fitr. Skriv ut biletkorta og slepp kreativiteten laus.

Høytidskalender: Id al-fitr (ekstern lenke)
Les om Id al- fitr. Veilederkorpset i Stavanger kommune har publisert en flerkulturell kalender som viser ulike høytider.


Høytidskalender: Ramadan (ekstern lenke)
Les om Ramadan. Veilederkorpset i Stavanger kommune har publisert en flerkulturell kalender som viser ulike høytider.