Islam

Denne teksten om islam finst på fleire språk. Tanken er at teksten skal vere eit supplement til andre læremiddel og andre aktivitetar i opplæringa. Det er altså ikkje meininga at desse ressursane skal stå ålene, men at dei kan brukast i innleiinga til arbeid med temaet.

Teksten kan, til dømes, brukast saman med tospråkleg lærar for å aktivere elevane sine kunnskapar om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

Bla nedover for å finne fleire ressursar

Islam er den yngste av dei tre verdsreligionane som blei grunnlagde i Midtausten. Jødedomen og kristendomen er dei to andre religionane som blei grunnlagde i Midtausten. Til liks med jødar og kristne trur muslimar at det berre finst ein gud. Derfor blir dei kalla monoteistiske religionar. Islam er ein lovreligion. Det betyr at lovar og reglar bestemmer kva som er rett og gale og kva muslimar skal gjere.

A metal islamic crescent moon and star on a green textured background
Halvmåne og stjerne er symbol for islam. Illustrasjon: Adobe Stock

Islam er den nest største av verdsreligionane, etter kristendomen. Det er omtrent 1,7 milliardar menneskje i verda som trur på islam. Folk som vedkjenner seg til islam blir kalla muslimar. Det islamske fellesskapet blir kalla umma på arabisk. Umma kan delast i to hovudgrupper. Dei er sunnimuslimar og sjiamuslimar. Profeten Mohammed grunnla islam omkring år 610 etter Kristus. Det skjedde i Mekka, byen der han blei fødd. Mekka ligg i Saudi-Arabia. Mohammed døydde i år 632 etter Kristus.

Koranen og hadith

Koranen er den viktigaste heilage boka i islam. Ifølgje islam inneheld Koranen openberringane som profeten Mohammed mottok frå gud. Koranen er opphaveleg skriven på arabisk.

Bilde av koranen og andre bøker som er oppslått på et bord.
Bilde av Koranen. Foto: Adobe Stock

Koranen består av 114 surar. Surane er delvis ordna etter kor lange dei er. Den lengste kjem først og den kortaste sist. Den første suren er eit unntak, han består av den korte opningsbøna al-Fatiha.

I hundreåra etter at Mohammed døydde, blei forteljingar om kva han sa eller gjorde skrivne ned i bøker som blir kalla hadith. Koranen og hadith skal saman vise kva som er ein riktig og god levemåte for muslimar.

Dei fem søylene

Dei fem søylene er prinsipp religionen er bygd på og blir omtala som dei grunnleggjande pliktene til religionen. Sjølv om Islam blir omtala som ein lovreligion, er det viktig å understreke at rett intensjon òg blir vektlagt minst like mykje av mange muslimar.

Truvedkjenninga

Truvedkjenninga, eller shahada, er den første av søylene i islam. Ho lyder slik på arabisk: «Ashhadw ana la ila Allah wa ashhadw ana Mohammad rasol Allah.». På norsk betyr det: «Det er ingen gud utan Allah, og Muhammed er profeten hans».

Illustrasjon av trosbekjennelsen i Islam. Skrevet med arabisk kalligrafi
Truvedkjenninga skriven med arabisk kalligrafi. Illustrasjon: Adobe Stock

Bøn

Den andre søyla er salat, eller bøn. Fem gongar i løpet av eit døgn skal muslimane be til Gud. Muslimane ber på et bøneteppe som dei plasserer slik at kroppen vender mot Mekka.

Det er viktig å vere rein før ein ber. Bønene er på arabisk og inneheld tekstar frå Koranen. I bøn blir kroppen bevega i fastlagde stillingar: Ein står, bøyer seg, går ned på kne med panna og hendene i bakken, og ein sit. Fredagsbøna er ei felles bøn i moskéen ved middagstid på fredagar. I tillegg til bøn vil ein på fredagar òg lytte til ei preike. Den som leiar bøna og preikar blir kalla for ein imam.

Bilde av to jenter som sitter på kne med hendende foldet. De sitter på en bønneteppe.
To jenter som ber. Bilde: Adobestock

Velferdsbidraget

Den tredje søyla er velferdsbidraget, eller Zakat. Zakat er ei avgift som blir betalt etter kor mykje pengar, smykke og eigedom ein person har. Pengane gir ein til folk som treng det.

Fasta

Fasta er den fjerde søyla i islam. Fasta er i månaden Ramadan. Det betyr at ein ikkje skal ete eller drikke frå soloppgang til sola går ned. Barn treng ikkje å faste. Etter solnedgang samlar familien seg til kveldsmåltidet som blir kalla iftar. I Ramadan er det viktig å vise takksemd for det ein har og vere meir medfølande overfor dei som ikkje har så mykje.

Pilegrimsreisa

Den femte søyla er pilegrimsreisa til Mekka. Målet er å utføre hadj. Det er fleire ritual knytt til hadj. Alle rituala må vere gjennomførte for at reisa skal kunne reknast som gyldig utført hadj. Eitt rituale er, til dømes, å gå sju rundar rundt Kaba. Kaba er heilag fordi han inneheld den svarte steinen. Ifølgje islam er steinen av himmelsk opphav og han blei bringa til jorda av engelen Gabriel.

Muslimane skal reise på pilegrimsreisa ein gong i løpet av livet, dersom dei har moglegheit. Kvart år reiser mellom tre og fire millionar muslimar til Mekka.

Kaba ligg inne i hovudmoskéen i Mekka. Bilde: Pixabay, Konevi

Film om historia til islam

Historia til islam. NDLA