Jødisk påske – Pesach

Denne teksten finnes på flere språk. Tanken er at teksten skal være et supplement til andre læremidler og andre aktiviteter i opplæringen. Det er altså ikke meningen at disse ressursene skal stå alene, men at de kan brukes i innledning til arbeid med temaet.

Teksten kan, for eksempel, brukes sammen med tospråklig lærer for å aktivere elevenes kunnskaper om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

Då Jesus rei inn i Jerusalem på palmesundag var han og læresveinane på veg for å feire den jødiske påska, Pesach. Pesach er jødane si påske, og minner om den tida israelittane var slavar i Egypt under Farao. 

illustrasjon av av slaveriet i Egypt i bibelsk tid

Historia om Moses 

I fyrste mosebok i Det gamle testamentet i bibelen kan me lese om at israelittane vart ynskt velkomen inn i Egypt. Men etter mange år vart han som bestemte i Egypt- Farao bekymra for at det vart for mange israelittar der. Difor vart israelittane gjort til slavar og Faraoen befalte at alle guteborn som vart føydd skulle drepast. Mora til Moses ville ikkje at hennar born skulle bli drepne. Ho la han difor i ei korg og plasserte korga på elva Nilen. Ho håpa at nokon skulle finne han og ta godt vare på han. Det var dottera til Faraoen som fann Moses i korga på elva. Ho passa godt på Moses. Difor vaks Moses opp i familien til Faraoen.

Baby Moses dropped in the river with pharaoh's daughter in the distance.

Då Moses vart vaksen viste Gud seg for Moses i ein brennande tornebusk. Gud fortalde han at han skulle hjelpe slavane i Egypt, og at Moses eigentleg var israelitt. Det var hans folk som leid under slaveriet av den mannen han no kalla far. Gud sa til Moses at Moses skulle be Faraoen om å sleppe slavane fri. Moses skulle lede israelittane ut av Egypt og til eit anna land som heitte Kanaans land.  

Biblical vector illustration series, Moses and the burning bush

Dei ti landeplagene og den fyrste påska

Moses gjekk til Farao for å få han til å gje israelittane fri, men Farao nekta. Då sendte Gud ti plager over Egypt, mellom anna pest, mørke og grashopper. Til slutt kom den verste plaga av alle: Ein Herrens engel gjekk gjennom gatene i byen og slo i hel alle dei fyrstefødde i kvar familie. 

Israelittane hadde på førehand fått ein åtvaring frå Gud gjennom Moses. Dei skulle difor redde seg frå dødsengelen ved å slakte eit lam og smøre blodet frå det på dørstolpane. Engelen gjekk forbi husa der det var blod på dørstolpen, men han gjekk inn i alle andre hus. For å stoppe denne tiande plaga måtte Farao gje israelittane lov til å reise frå Egypt. Det er denne hendinga som dannar bakgrunnen for den jødiske påska. 

Korleis feirar jødane påske?

Den fyrste kvelden i høgtida Pesach- jødisk påske eter jødane eit måltid som kallast for sedermåltidet. Måltidet skal minne jødane om utvandringa frå Egypt. Måltidet byrjar med ei velsigning av vinen.

Bilde av en gutt som leser en tekst fra en bok. Han sitter rundt er middagsbord med mange andre og det viser en jødisk høytid Pesah

Sedertallerkenen er ein tallerken med ulike små matrettar som har ei spesiell tyding og meining. I byrjinga av måltidet tenner jødane eit ljos, som dei kallar for sabbatljoset.

Bilde av en tallerken med , egg, salat, utrer, kylling og brød på
En sedertallerken
  1. Matzah er eit usyra brød, det vil seie eit brød som ikkje har heva. Det er eit flatt brød. Då jødane måtte flykte frå Egypt hadde dei ikkje tid til å heve brøda dei baka.
  2. Charoset er ein blanding av eple, vin og nøtter. Minner om mursteinsblandinga jødane bruka då dei som slavar måtte byggje for Egyptarane.
  3. Zroah/Zeroa er beinet i lammelår, kyllingvinge eller kyllinghals. Denne maten skal vere eit symbol på offerlammet som jødane ifølgje 2. Mosebok vart pålagt å slakte og ete rett før flukta frå Egypt.
  4. Chazeret er bitre urter eller salat som minner om dei bitre minnene frå Egypt.
  5. Beytzah er eit hardkoka egg som symboliserer heilagdagsofferet som forutan Pesach-offeret vart bore til tempelet.
  6. Karpas er persille dyppa i saltvatn, slik at vatnet liknar tårar. Dette skal minne om tårane som jødane felte då dei var slavar i Egypt.
  7. Saltvatn symboliserer jødanes tårar som ein dyppar persille og egg i. 

Rekkefølgja for sederkveldens hendingsforløp er skriven i ei bok som kallas Haggada. Haggadaen inneheld mellom anna historia om jødanes slaveri, utgang frå Egypt, forteljingar og forklaringar på korleis sederen skal utførast.

Bilde av et drikkebeger, en bok og flatt brød. Alle tre ting som brukes den første kvelden av den jødiske høytiden peasah.

Feiringa av sedermåltidet er både dyster og lystig. Jødane skal minnast om den dårlege tida i Egypt, men òg glede seg over at dei klara å flykte frå slaveriet.

kunstmosaikk som ilustrerer da moses delte havet slit av isralittene kunne gå tørre gjennom vannet

Det er mulig å skrive ut eller bruke innhold fra dette innlegget på flere måter.

Legg merke til at innhold kan være ulikt lisensiert.

Regler for bruk av teksten 

Denne teksten har lisensen CC BY-NC-SA 4.0. Denne lisensen gir deg rett til å dele og bruke dette innholdet på visse vilkår:

  • Du må alltid oppgi hvem som har laget innholdet.
  • Du kan bare dele innholdet med samme lisens som det opprinnelige innholdet.
  • Du kan ikke benytte materialet til kommersielle formål.

Regler for bruk av bilder i teksten

Bildene i denne teksten kan ha ulike lisenser. Les mer om hvert bilde.

  1. illustrasjon av tre menn som bærer tungt, og en mann som går bak dem med en pisk i håndaAdobeStock_106250055-1024x651.jpeg — Illustrasjon av slaver i det gamle Egypt, illustrert av bilhagolan365 stock.adobe.com

  2. Illustrasjon av en dame som legger en kurv med en baby på vannetAdobeStock_87298128-1024x622.jpeg — Illustrasjon av en dame som setter en kurv med en baby på vannet, illustrert av KimsCreativeHub stock.adobe.com

  3. Biblical vector illustration series, Moses and the burning bushAdobeStock_914335022-1024x640.jpeg — Illustrasjon av Moses og den brennende busken, illustrert av rudall30 stock.adobe.com

  4. AdobeStock_254672017-1-scaled.jpeg — Illustrasjon av flere mennesker som smører blod på dører, av rudall30 stock.adobe.com

  5. Illustrasjon av to mennesker og mange fluerAdobeStock_619476579-scaled.jpeg — Illustrasjon av to mennesker og mange fluer, av rudall30 stock.adobe.com

  6. Illustrasjon av mange gresshopperAdobeStock_620133984-scaled.jpeg — Illustrasjon av mange gresshopper, av rudall30 stock.adobe.com

  7. Illustrasjon av en mann som ligger død på bakken og en dam som gråterAdobeStock_621338114-scaled.jpeg — Illustrasjon av en mann som ligger død på bakken og en dam som gråter, av rudall30 stock.adobe.com

  8. Illustrasjon av mennesker som ser på at vann i elva som er blitt til blod.AdobeStock_619065988-scaled.jpeg — Illustrasjon av vann i elva som er blitt til blod, av rudall30 stock.adobe.com

  9. Illustrasjon av mange frosker i byenAdobeStock_619065783-scaled.jpeg — Illustrasjon av mange frosker i byen, av rudall30 stock.adobe.com

  10. Illustrasjon av at det er blitt mørkere i byenAdobeStock_620658349-scaled.jpeg — Illustrasjon av at det er blitt mørkere i byen, av rudall30 stock.adobe.com

  11. AdobeStock_619476586-scaled.jpeg — Illustrasjon av svermer av mygg, av rudall30 stock.adobe.com

  12. illustrasjon i fargene mørk brun, oransje, rød og gul. En hånd som holder en pensel som maler noe rødt på en brun dørkarmAdobeStock_752361149-1024x724.jpeg — Illustrasjon av en hånd som smører blod på dørkarmen, illustrert av rudall30 stock.adobe.com

  13. AdobeStock_320863784-1024x684.jpeg — Bilde av en familie som feirer påske med sedermåltidet, av Inna stock.adobe.com

  14. AdobeStock_serdertallerken-1024x683.jpeg

  15. AdobeStock_12685283-1024x499.jpeg — Bilde av matzah, vinbeger og Haggada, av Moti Meiri stock.adobe.com

  16. kunstmosaikk som ilustrerer da moses delte havet slit av isralittene kunne gå tørre gjennom vannetAdobeStock_117776126-1024x768.jpeg — Mosaikk som illustrerer Moses som deler Rødehavet, av Davy Cheng stock.adobe.com

Regler for bruk av lydfiler i innlegget

Denne teksten har lisensen CC BY-NC-SA 4.0. Denne lisensen gir deg rett til å dele og bruke dette innholdet på visse vilkår:

  • Du må alltid oppgi hvem som har laget innholdet.
  • Du kan bare dele innholdet med samme lisens som det opprinnelige innholdet.
  • Du kan ikke benytte materialet til kommersielle formål.