Rettsstaten
Alle land har lover og reglar ein skal følgje. Men i nokre land gjeld ikkje reglane likt for alle som bur der. Der kan nokre bli sett i fengsel utan grunn, medan andre kan bryte lova utan å få straff.
Slik er det ikkje i Noreg. Det er fordi Noreg er ein rettsstat. Det betyr at alle må følgje dei same reglane, og at domstolane passar på at dei som bryt lova får straff.
I land som ikkje er rettsstatar følgjer dei ikkje lovene på same måte. Der kan til dømes rike eller mektige menneske sleppe unna straff ved å betale politiet eller dommaren.
Dersom nokon køyrer over fartsgrensa og blir stoppa av politiet kan dei betale politiet for å sleppe at saka blir meld. Dette kallar vi ei bestikking. Eller kanskje dei kjenner dommaren i rettssaka og difor får ei mildare straff.
I land som ikkje er rettsstatar kan politiet òg setje menneske i fengsel utan at dei har brote lova. Det kan skje dersom ein har andre politiske meiningar eller ein annan religion enn dei som har makta.
I Noreg er det ikkje slik. Her får alle ei rettferdig rettssak dersom dei blir skulda for å ha brote lova, og politiet passar på at lova gjeld likt for alle, uansett kor mykje pengar eller makt ein har.
Dersom statsministeren i Noreg køyrer for fort blir han eller ho straffa på same måte som alle andre. Slik er det å leve i ein rettsstat.
Oppgåver
- Kvifor kan det vere utrygt å leve i ein politistat?
- Kva type forhold har ein til politiet i landet du kjem frå?
Ordliste
Rettsstat – Ein stat der lova gjeld likt for alle
Rettssak – Ei ueinigheit som blir avgjort av ein dommar i ein domstol
Politistat – Ein stat der leiaren og politiet kan fengsle og straffe kven dei vil
Bestikking – Ulovleg betaling til ein statleg tilsett for at dei skal hjelpe deg
Tekst og bilder er oversatt og publisert etter avtale med Zmekk.no