Rettsstaten

Denne teksten om Rettsstaten finst på fleire språk. Teksten er henta frå Zmekk.no og omsett til fleire språk av morsmål.no etter avtale med Bergen kommune. Tanken er at teksten skal vere eit supplement til andre læremiddel og andre aktivitetar i opplæringa. Det er altså ikkje meininga at desse ressursane skal stå åleine, men at dei kan brukast i innleiing til arbeid med temaet.

Teksten kan, til dømes, brukast saman med tospråkleg lærar for å aktivere elevane sine kunnskapar om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

Bla nedover for å finne flere ressursar.

Zmekk.no

Alle land har lover og reglar ein skal følgje. Men i nokre land gjeld ikkje reglane likt for alle som bur der. Der kan nokre bli sett i fengsel utan grunn, medan andre kan bryte lova utan å få straff.

Slik er det ikkje i Noreg. Det er fordi Noreg er ein rettsstat. Det betyr at alle må følgje dei same reglane, og at domstolane passar på at dei som bryt lova får straff.

En lesetest om hva en rettsstat er. Teksten er oversatt med tillatelse fra zmekk.no
Domstolane passar på at dei som bryt lova får straff.

I land som ikkje er rettsstatar følgjer dei ikkje lovene på same måte. Der kan til dømes rike eller mektige menneske sleppe unna straff ved å betale politiet eller dommaren.

Dersom nokon køyrer over fartsgrensa og blir stoppa av politiet kan dei betale politiet for å sleppe at saka blir meld. Dette kallar vi ei bestikking. Eller kanskje dei kjenner dommaren i rettssaka og difor får ei mildare straff.

Ein sjåfør prøver å bestikke ein tenestemann

I land som ikkje er rettsstatar kan politiet òg setje menneske i fengsel utan at dei har brote lova. Det kan skje dersom ein har andre politiske meiningar eller ein annan religion enn dei som har makta.

Sett i fengsel utan grunn

I Noreg er det ikkje slik. Her får alle ei rettferdig rettssak dersom dei blir skulda for å ha brote lova, og politiet passar på at lova gjeld likt for alle, uansett kor mykje pengar eller makt ein har.

Dersom statsministeren i Noreg køyrer for fort blir han eller ho straffa på same måte som alle andre. Slik er det å leve i ein rettsstat.

Lova er lik for alle


Oppgåver

  1. Kvifor kan det vere utrygt å leve i ein politistat?
  2. Kva type forhold har ein til politiet i landet du kjem frå?

Ordliste

Rettsstat – Ein stat der lova gjeld likt for alle
Rettssak – Ei ueinigheit som blir avgjort av ein dommar i ein domstol
Politistat – Ein stat der leiaren og politiet kan fengsle og straffe kven dei vil
Bestikking – Ulovleg betaling til ein statleg tilsett for at dei skal hjelpe deg

Tekst og bilder er oversatt og publisert etter avtale med Zmekk.no