Skinnvotten – eit eventyr frå Ukraina

Ein gammal mann går ein tur i skogen, då han plutseleg misser votten sin. Pilemus Silkehår synest votten kan bli ein fin heim. Det synest òg fleire av dyra i skogen. Kor mange dyr er det plass til i votten? 

Eventyret «Skinnvotten» kjem opphaveleg frå Ukraina og er i seinare tid omsett og gjendikta av Alf Prøysen. NAFO sin versjon av Skinnvotten er tospråkleg. Dette gir mange ulike moglegheiter til å synleggjere språkleg mangfald. Artikkelen inneheld PDF-versjonar av eventyret, plakatar som kan skrivast ut og illustrasjonar.  

Tips ved utskrift! For best mogleg «bok-effekt», vel: print på begge sider og funksjonen «vend på kortsida» eller «flip on short side». Set eit par stiftar i venstresida og bla gjennom det spennande eventyret på språket du ønskjer. 

Slepp laus kreativiteten! 

pdfTabell med alle karakterane i eventyret 

pdfPlakat med alle karakterane i eventyret 

Plakat av skogen i eventyret

pdfBogemerke skinnvotten

jpgBilete av skinnvotten i eventyret  

Skinnvotten tospråklege biletkort 

Bilde som viser Skinnvotten bildekort

«Skinnvotten tospråklege biletkort» gir dykk moglegheita til å leike endå meir med eventyret! Eksempel på bruk av biletkorta: 

Biletkort: Bli kjent med dyra på fleire språk. Skriv ut eitt eksemplar og bruk biletkorta til det du måtte ønskje. Biletkorta er tosidige, og baksida viser kva språk det aktuelle biletkortet viser. Hugs derfor å velje “print på begge sider” ved utskrift. Laminer om de ønskjer at korta skal vare lenger. 

Memory: Skriv ut to eksemplar av fila. Klipp og (evt. laminer først) og spel memory med biletkorta. Legg alle korta med baksida opp. Trekk to og to når det er din tur. Klarar du å finne to like? Her kan ein spele med biletkort på fleire språk samtidig! 

Lotto: Skriv ut to eksemplar. Klipp opp eitt av eksemplara og behald det andre som «brett». Laminer om du ønskjer at dei skal vare lenger. Trekk eitt kort. Har du kortet på ditt brett? Kven fyller brettet sitt først?

Bilete av karakterane i eventyret 

pdfIllustrasjonsplakat av heile eventyret 
MannenHundenPilemus SilkehårFriskefrosk LangelårHaremann HopsadansRevemor SilkesvansUlven AldrimettVillsvinet TrynebrettBamsefar LabbdigerSKINNVOTTEN FRA SIDEN 

Teksten er arbeidd om og omsett av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring. 

Illustrasjonar:  NAFO