17. mai – Noregs nasjonaldag
17. mai er Noregs nasjonaldag. Vi feirer at Noreg fekk si eiga grunnlov den 17. mai i 1814. Før 1814 hadde Noreg vore ein del av Danmark i over fire hundre år. Då var det den danske kongen som var den øvste sjefen i Noreg, og nordmenna måtte følgje lover som var bestemt i Danmark. I 1814 skjedde det mykje i Europa og nordmenna håpa å kunne bli eit eige land med sine eigne lover.
Grunnlova vart skriven på Eidsvoll
I 1814 var 112 menn samla på Eidsvoll for å skrive Noregs grunnlov. Dei kom frå ulike stader i Noreg. Gruppa med alle menna vart kalla Riksforsamlinga, og dei brukte seks veker på å skrive grunnlova. 17. mai var grunnlova ferdig, og ho vart underskriven av kong Christian Frederik. Derfor vert denne dagen kalla Noregs nasjonaldag.

17. mai er flaggdag
17. mai er fridag for skuleelevar og dei fleste vaksne. Det er ein offisiell flaggdag. Det betyr at alle bygningar som staten eller kommunen eig, må heise flagget den dagen. Det er mange private som også flaggar på 17. mai. Det norske flagget blei laga i 1821. Det har fridomsfargane: raudt, kvitt og blått. Krossen symboliserer at Noreg skulle vere eit kristent land.

Festklede
Det er vanleg å pynta seg med sine finaste klede på nasjonaldagen. Mange bruker også bunad eller andre nasjonaldrakter. På 17. mai er det òg talar og arrangement på skulane, i parkane eller i sentrum.
Barnetog
17. mai blir òg kalla barna sin dag. Over heile landet går skulebarna i tog. Dei viftar med flagg, ropar hurra og syng. Musikk-korpsa speler. Denne dagen er det mange som syng nasjonalsongen «Ja, vi elsker». Teksten til nasjonalsongen blei skriven av den kjente diktaren Bjørnstjerne Bjørnson i 1859. I 1863 skreiv fetteren hans, Rikard Nordraak, melodien til nasjonalsongen.


Russefeiringa
Russen feirar at dei er ferdige på vidaregåande skule. Nokre av dei har gått på skule i 13 år. Russen har på seg russedressar. På dressane skriv dei ofte helsingar til kvarandre med tusj. Russen har mange festar i mai.
Mange har eigne bilar eller bussar som dei køyrer rundt i og speler høg musikk frå. Mange tullar også med lærarane sine og vekkjer dei grytidleg om morgonen den 17. mai. Mange stader går russen i eit eige tog der dei dansar, syng og syner fram morosame sketsjar.
Kongefamilien
Kongen i Noreg heiter kong Harald, og dronninga heiter dronning Sonja. Kongen, dronninga og resten av kongefamilien står på slottsbalkongen kvar einaste 17. mai og vinkar til barnetoget i Oslo.
Barnetoget går oppover hovudgata i Oslo som heiter Karl Johans gate. Toget går forbi slottet, og alle barna og lærarane vinkar til kongefamilien. Kongefamilien vinkar tilbake. Det er over hundre skular som deltar i barnetoget i Oslo.

Bilder i innlegget er hentet fra:
- Bilde 1: Maleriet heter Eidsvold 1814 og er malt av Oscar Wergeland. Kilde: Wikipedia.
- Bilde 2: Norges flagg.Vegard Ottervik,Pixabay
- Bilde 3: Barnetoget i Oslo foran slottet.Morten Johnsen, Wikipedia.
- Bilde 4: Russetog, Dmitry Valberg, Flicr. CC BY-NC-ND 2.0
- Bilde 5: Kongefamilien på balkongen på slottet. Shutterstock.