17. mai – Noregs nasjonaldag

Denne teksten finnes på flere språk. Tanken er at teksten skal være et supplement til andre læremidler og andre aktiviteter i opplæringen. Det er altså ikke meningen at disse ressursene skal stå alene, men at de kan brukes i innledning til arbeid med temaet.

Teksten kan, for eksempel, brukes sammen med tospråklig lærer for å aktivere elevenes kunnskaper om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

17. mai er Noregs nasjonaldag. Vi feirer at Noreg fekk si eiga grunnlov den 17. mai i 1814. Før 1814 hadde Noreg vore ein del av Danmark i over fire hundre år. Då var det den danske kongen som var den øvste sjefen i Noreg, og nordmenna måtte følgje lover som var bestemt i Danmark. I 1814 skjedde det mykje i Europa og nordmenna håpa å kunne bli eit eige land med sine eigne lover.

Grunnlova vart skriven på Eidsvoll

I 1814 var 112 menn samla på Eidsvoll for å skrive Noregs grunnlov. Dei kom frå ulike stader i Noreg. Gruppa med alle menna vart kalla Riksforsamlinga, og dei brukte seks veker på å skrive grunnlova. 17. mai var grunnlova ferdig, og ho vart underskriven av kong Christian Frederik. Derfor vert denne dagen kalla Noregs nasjonaldag.

Maleri av 112 menn samlet på Eidsvoll for å skrive Norges grunnlov.
Måleriet heiter Eidsvold 1814 og er måla av Oscar Wergeland.

17. mai er flaggdag

17. mai er fridag for skuleelevar og dei fleste vaksne. Det er ein offisiell flaggdag. Det betyr at alle bygningar som staten eller kommunen eig, må heise flagget den dagen. Det er mange private som også flaggar på 17. mai. Det norske flagget blei laga i 1821. Det har fridomsfargane: raudt, kvitt og blått. Krossen symboliserer at Noreg skulle vere eit kristent land.

Fotografi av fire håndholdte norske flagg på bakgrunn som inneholder vann og berg.

Festklede

Det er vanleg å pynta seg med sine finaste klede på nasjonaldagen. Mange bruker også bunad eller andre nasjonaldrakter. På 17. mai er det òg talar og arrangement på skulane, i parkane eller i sentrum.

Barnetog

17. mai blir òg kalla barna sin dag. Over heile landet går skulebarna i tog. Dei viftar med flagg, ropar hurra og syng. Musikk-korpsa speler. Denne dagen er det mange som syng nasjonalsongen «Ja, vi elsker». Teksten til nasjonalsongen blei skriven av den kjente diktaren Bjørnstjerne Bjørnson i 1859. I 1863 skreiv fetteren hans, Rikard Nordraak, melodien til nasjonalsongen.

Barnetoget i Oslo framfor slottet. Kan du sjå kongefamilien på balkongen?
Blåruss og raudruss

Russefeiringa

Russen feirar at dei er ferdige på vidaregåande skule. Nokre av dei har gått på skule i 13 år. Russen har på seg russedressar. På dressane skriv dei ofte helsingar til kvarandre med tusj. Russen har mange festar i mai.

Mange har eigne bilar eller bussar som dei køyrer rundt i og speler høg musikk frå. Mange tullar også med lærarane sine og vekkjer dei grytidleg om morgonen den 17. mai. Mange stader går russen i eit eige tog der dei dansar, syng og syner fram morosame sketsjar.

Kongefamilien

Kongen i Noreg heiter kong Haakon. Han vart konge 28. august 2026, då faren hans, kong Harald, døydde. Dronninga heiter Mette Marit. Mora til kong Haakon heiter dronning Sonja. Kongen, dronninga og resten av kongefamilien står på slottsbalkongen kvar 17. mai og vinkar til barnetoget i Oslo.

Barnetoget går oppover hovudgata i Oslo som heiter Karl Johans gate. Toget går forbi slottet, og alle barna og lærarane vinkar til kongefamilien. Kongefamilien vinkar tilbake. Det er over hundre skular som deltek i barnetoget i Oslo.

Det er mulig å skrive ut eller bruke innhold fra dette innlegget på flere måter.

Legg merke til at innhold kan være ulikt lisensiert.

Regler for bruk av teksten 

Denne teksten har lisensen CC BY-NC-SA 4.0. Denne lisensen gir deg rett til å dele og bruke dette innholdet på visse vilkår:

  • Du må alltid oppgi hvem som har laget innholdet.
  • Du kan bare dele innholdet med samme lisens som det opprinnelige innholdet.
  • Du kan ikke benytte materialet til kommersielle formål.

Regler for bruk av bilder i teksten

Bildene i denne teksten kan ha ulike lisenser. Les mer om hvert bilde.

  1. image.jpeg — Måleriet heiter Eidsvold 1814 og er måla av Oscar Wergeland.

  2. Fotografi av fire håndholdte norske flagg på bakgrunn som inneholder vann og berg.AdobeStock_235658812-1024x653.jpeg — Foto: Ruslans stock.adobe.com

  3. Fotografi ab mange voksne og barn som har pyntet seg. Mange har det norske flagget i hånda. i bakgrunnen ser vi det norske slottet. Vi kan skimte noen mennesker på slottsbalkongen.Wikimedia_Morten_johnsen_barnetog-1.jpg — Foto: Morten_johnsen Wikimedia

  4. Fotografi av mange ungdommer som kommer mor oss tett i tett. De roper og ler og har på seg enten røde eller blå kjeledresser og luer.flickr_russetog.jpg — Foto:

  5. Fotografi av kongefamilien på slottsbalkongen 17. mai 202317.-mai-kongefamilien.jpg — Foto: Frederik Rignes/NTB kilde: https://cdn.sanity.io/images/zcj3i1pm/production/75a304e82b3368f58a521cfcd8c7dc1645ec649a-1160x870.jpg?w=1200&q=75&fit=clip&auto=format

Regler for bruk av lydfiler i innlegget

Denne teksten har lisensen CC BY-NC-SA 4.0. Denne lisensen gir deg rett til å dele og bruke dette innholdet på visse vilkår:

  • Du må alltid oppgi hvem som har laget innholdet.
  • Du kan bare dele innholdet med samme lisens som det opprinnelige innholdet.
  • Du kan ikke benytte materialet til kommersielle formål.