Advent

Denne teksten finnes på flere språk. Tanken er at teksten skal være et supplement til andre læremidler og andre aktiviteter i opplæringen. Det er altså ikke meningen at disse ressursene skal stå alene, men at de kan brukes i innledning til arbeid med temaet.

Teksten kan, for eksempel, brukes sammen med tospråklig lærer for å aktivere elevenes kunnskaper om temaet, og å bidra til at eleven lærer fagspråk.

Dei fire siste vekene før jul blir kalla advent. Advent er opphaveleg ei kristen høgtid for å førebu feiringa av at Jesus blei fødd. Ordet advent tyder eigentleg «Herren kjem». No, i våre dagar, markerer dei fleste folk advent, uansett om dei er kristne eller ikkje.

I adventstida førebur folk seg til jul på forskjellige måtar. Mange pyntar heime. Det er mange aktivitetar på skulen og i barnehagen i adventstida. Adventsfargen er lilla.

Julebakst

Mange bakar julekaker i adventstida. Tradisjonelt skal ein bake sju ulike sortar kaker, men det er også vanleg å kjøpe julekakene i butikken. Peparkaker er ein av dei sju kakesortane. Nokre lagar òg peparkakehus.

I Bergen lagar dei kvart år verdas største peparkakeby. Skular, barnehagar, verksemder og privatpersonar leverer peparkakehus til nokon som lagar ein heil by av peparkakehus.

Bilde av en by bygd i pepperkaker.
Pepperkakebyen i Bergen.
Bildet er tatt av straightfromthecask på Flickr

Juleverkstad

Mange arrangerer juleverkstad i adventa. Då inviterer dei vennar og familie. På juleverkstaden lagar dei mellom anna julepynt, julegåver og julekort. Nokre syng julesongar på juleverkstaden eller spelar julemusikk.

Julekort med glitter henger på en snor. Ulike former på kortene.
Småbarn har laget julekort på juleverksted i Oslo museum. Foto: Oskar Seljeskog, Oslo museum

Juleavslutning

Skular, barnehagar, idrettslag og foreiningar arrangerer festar i adventstida. Desse festane blir kalla juleavslutningar.

Julekonsertar og juleframsyningar

Mange songarar og andre artistar arrangerer julekonsertar og juleframsyningar. Desse arrangementa er ofte i kyrkjer.

Julemarknad

Julemarknadar er òg populært i adventstida. På julemarknadane er det gammaldags julestemning. Her kan ein få kjøpt handlaga julegåver og heimelaga julemat.

Adventskalender

Mange barn har adventskalender. Adventskalenderen inneheld 24 gåver. Barna opnar ei gåve kvar dag frå og med første desember til og med julaftan.

Mange skuleklassar har òg adventskalender. Ein måte å gjere det på, er at kvar elev tar med seg ei lita gåve som dei har pakka inn. Læraren har lappar med namn på elevane – ein lapp for kvar elev. Kvar dag i desember blir det trekt lappar.

Eleven som har namnet sitt på lappen, får pakken den dagen. Nokre vaksne har òg adventskalendrar, og det finst adventskalendrar på internett òg. Skikken med adventskalender kom til Noreg frå Tyskland rundt 1920.

Mange gaver pakket inn i sylinderfom. Julefarger som hvitt, rødtm gull og sølv på gavene. Gavene henger på en snor.
AdventsAdventskalender. Biletet er teke av Ulrike Mai fra Pixabay

Adventslys

Ein adventskrans eller adventsstake er ein lysestake med plass til fire stearinlys. Det er eitt lys for kvar søndag i advent. Første søndag i advent tenner ein eitt av lysa, andre søndag tenner ein to lys.

Fjerde søndag i advent blir alle dei fire lysa tente. Lysestaken kan ha mange ulike former, og han kan vere laga av metall, keramikk eller andre material. Adventsstaken kom til Noreg frå Tyskland, slik som adventskalenderen og juletreet.

4 røde lys er tent. sort bakgrunn
Adventslys.
Bildet er tatt av Myriam Zilles på Pixabay

Det er mulig å skrive ut eller bruke innhold fra dette innlegget på flere måter.

Legg merke til at innhold kan være ulikt lisensiert.

Regler for bruk av teksten

Denne teksten har lisensen CC BY-NC-SA 4.0. Denne lisensen gir deg rett til å dele og bruke dette innholdet på visse vilkår:

• Du må alltid oppgi hvem som har laget innholdet.
• Du kan bare dele innholdet med samme lisens som det opprinnelige innholdet.
• Du kan ikke benytte materialet til kommersielle formål.

Regler for bruk av bilder i teksten

Bildene i denne teksten kan ha ulike lisenser. Les mer om hvert bilde.

1. Bilde av en by bygd i pepperkaker.Advent-Bilde1-scaled.jpg — “Gingerbread City” by straightfromthecask, CC BY-NC-SA 2.0

2. Julekort med glitter øaget av barn henger på en snor festet med klyperAdvent-Bilde2-1024x646.jpg — “Førjul på Frogner (17)” by Oslo Museum, CC BY-SA 2.0

3. Mange sylinderformet gaver som henger på en snorAdvent-Bilde3-1024x633.jpg — Image by Ulrike Mai from Pixabay

4. Bilde av 4 røde kubbelys som er tent. Sort bakgrunnAdvent-Bilde4-1024x643.jpg — Image by Myriams-Fotos from Pixabay

Regler for bruk av lydfiler i innlegget

Lyden i innlegget har  CC BY-NC-SA 4.0. Denne lisensen gir deg rett til å dele og bruke dette innholdet på visse vilkår:

• Du må alltid oppgi hvem som har laget innholdet.
• Du kan bare dele innholdet med samme lisens som det opprinnelige innholdet.
• Du kan ikke benytte materialet til kommersielle formål.
• Du vil kanskje også like:
• KRLE
• Tag: